Våler kyrkje er ei kyrkje i Våler kommune i Innlandet fylke. Den førre kyrkja vart totalskadd i brann natt til fredag 29. mai 2009.Vi berget altertavla og døpefonten. Så smalt det. Dagbladet.no 29. mai 2009. Ny Våler kyrkje vart oppført like aust for der gamlekyrkja stod, og innvigd i pinsen 2015 av biskop Solveig Fiske.Bygg.no om nye Våler kyrkje.Våler kirke vigslet hos Våler kyrkjelege fellesråd.

Bygningen Bygget har to tårn der det høgste inneheld sjølve kyrkjesalen. Bygget er kledd i treverk, furu utvendig og lys bjørk innvendig. Vindauge i vegger og tak slepp inn mykje ljos. Taket på tårnet består av eit glasfelt på 14 m2.Gaute Brochmann: «La det bli passe mye lys.» Morgenbladet, 22. mai 2015. Bygget har ein berande konstruksjon av stål. Grunnflata er på om lag 800 m2. Totalkostnaden var på om lag 61 millionar kroner.

Kritikk Utforminga av den nye kyrkja har vore gjenstand for debatt og usemje. Kyrkja har mellom anna vore omtala som «skrekkdomen».Porsgrunds Dagblad: Denne kirken kalles Skrekkdomen, publisert 18. mai 2015, lest 28. september 2017.Filminnslag på tv2.no. Gaute Brochmann meiner at kyrkjesalen har vorte for ljos. Han meiner òg at det indre av kyrkja har fått eit for hardt og sterilt preg. Ronny Spaans meiner kyrkja er eit bilete på dei nye kyrkjene som vert bygd i Noreg.Spaans, Ronny: Det nye norske kyrkjebygget. Dag og Tid, 5. juni 2015, s. 18.

Dette huset finnes det ikke maken til noe sted i verden. Og det er bygget med en flid, vilje og presisjon som leder tankene mot smykkekunst og urmakeri like mye som sammenføyning av bygningselementer. En kompromissløs gjennomføring av arkitektens vilje og visjoner. — Gaute Brochmann

Frå andre kantar har kyrkja fått rosande omtale. Ho vart nominert til Arkitekturprisen for 2015Templer for moderne arkitektur (Dagsavisen, 8. april 2017). og vart tildelt Statens byggeskikkpris for 2016.Husbanken: Statens byggeskikkpris . Kyrkja vann dessutan klassa for religiøse byggverk ved Archmarathon i 2016.Vinnarar av Archmarathon 2016 .

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Våler kirke (Hedmark)» frå , den 28. september 2017.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Våler kyrkjelege fellesråd

Arkivverket – Prestegjeld og sogn i Hedmark

Kategori:Kyrkjer i Solør, Vinger og Odal prosti Kategori:Kyrkjer i Våler i Innlandet Kategori:Norske kyrkjer frå 2015