Frederik Julius Holst () var ein norsk kjøpmann, trelasthandlar og stortingsmann frå Tønsberg.
Holst var son til ein skipper og kjøpmann i Tønsberg. Sjølv opna han i 1844 si eiga forretning i Moss, og var også skipsreiar og trelasthandlar. Han var ordførar for Moss bystyre i fleire år.
Frå 1857 til 1864 representerte Holst bykrinsen Moss og Drøbak på Stortinget. Han var i 1857 og 1859-60 medlem i Bankkomiteen. På Omframtstortinget 1858 var han i komiteen om brennevinsavgifta, medan han i 1862-63 hadde plass i Tollkomiteen. 1863-sesjonen og 1864-sesjonen frå 14. april tok hans sete i Lagtinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Folk frå Moss