Mikal Schjelderup Pedersen Laberg () var ein norsk fiskar og stortingsmann frå Gratangen. Han møtte periodevis på Stortinget åra 1925 og -27, frå 1931 hadde han fast tingsete for Troms og Høgre til 1945.

Laberg var son til ein fiskar og var sjølv fiskar frå 14-årsalderen. Sidan 1911 dreiv han som notbas i sildefiskeria på strekninga Jæren til grensa mot Finland i nord.

Åra 1925-30 var Laberg varaordførar i Gratangen. Elles hadde han til ulike tider mange kommunale verv, så som viseformann i forliksrådet, medlem i verjerådet, helserådet og skogutvalet. I lengre tid var han formann i forstandarskapet til Gratangen Sparebank.

Laberg var fyrste varamann til Stortinget 1925-27 og møtte dei fire fyrste vekene av 1925-sesjonen i staden for den valde representanten, noko han også gjorde i 1927-sesjonen frå 21. april. Valperiodane 1931 -33, 1934.-36 og 1937-45 var han derimot fast representant frå valkrinsen Troms og for partiet Høgre. Han var medlem 1931-33 i Helsekomiteen og deretter i Sjøfarts- og fiskerikomiteen frå 1934 til -45. Utanom stortingsvervet var han medlem i Råfiskkomiteen av 1937.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Folk frå Gratangen