Elvis Recorded Live on Stage in Memphis er eit konsertalbum av Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records i juli 1974. Det vart spelt inn 20. mars same året i Mid-South Coliseum i Memphis i Tennessee, heimbyen til Presley. Omslaget syner eit biletet av heimen hans, Graceland. Albumet vart spelt inn same dagen som albumet Good Times kom ut. Elvis Recorded Live on Stage in Memphis var det femte konsertalbumet til Presley på mindre enn fem år, og det siste som kom ut medan han levde. Han fekk sin tredje Grammy for albumet med framføringa av «How Great Thou Art». Albumet selde til gullplate 15. juli 1999 i USA

I USA toppa Elvis Recorded Live on Stage in Memphis Billboard Country-lista og nådde topp 40 på Top LPs & Tape-lista (no kjend som Billboard 200). Det var det siste albumet til Presley som nådde topp 40 før Moody Blue i 1977. Sjølv om konsertalbumet ikkje selde så godt, fekk Presley ein Grammypris for framføringa av «How Great Thou Art», i klassen beste inspirasjonssong.

Opptaket av «Let Me Be There» frå dette albumet vart seinare gjeven ut for fylle opp det siste studioalbumet hans, Moody Blue. Denne vart òg gjeven ut på singel i 1974, med same songen på begge sider i mono og stereo.

I 2004 gav FTD Records ut Elvis Recorded Live on Stage in Memphis på ny med heile konserten og songar som ikkje kom med på den originale utgåva frå 1974.

Innhald

Original LP-utgåva

Follow That Dream-utgåva

2014-utgåva

Plate 1 Same som Follow That Dream frå 2004

Plate 2 Ingen av songane tidlegare utgjeven

Medverkande Elvis Presley - vokal, akustisk gitar, plateprodusent James Burton - sologitar Charlie Hodge - akustisk gitar, korvokal John Wilkinson - rytmegitar Glen D. Hardin - piano J.D. Sumner and the Stamps - korvokal Kathy Westmoreland - korvokal The Sweet Inspirations - korvokal Duke Bardwell - bassgitar Ronnie Tutt - trommer Gus Mossler, Larry Schnapf, Mike Moran, Ronnie Olson - lydteknikarar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elvis Recorded Live on Stage in Memphis» frå , den 23. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 1974 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album