«If You Talk in Your Sleep» er ein song på albumet Promised Land av Elvis Presley frå 1975. Han vart spelt inn under innspelinga ved Stax Records i Memphis i Tennessee i desember 1973. Songen vart gjeven ut på singel i Nord-Amerika den 10. mai 1974, med B-sida «Help Me», og nådde sjetteplassen på Billboard Country Singles-lista i juni 1974 og 17. plassen på Billboard Pop Singles-lista i august 1974. Songen var skriven av Red West og Johnny Christopher.

Songen vart spelt inn av Little Milton og nådde 34. plassen på Billboard soul singles-lista i april 1975.

Kjelder

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar skrivne av Red West Kategori:Little Milton-songar