Stein Ugelvik Larsen () er ein norsk statsvitar. Frå 1969 til 2008 var han tilsett ved Universitetet i Bergen, Institutt for sammenlignende politikk, og vart etter det professor emeritus.

I forskinga si har Larsen særleg vore oppteken av fascisme og nazisme, og norsk krigshistorie. Han gjekk mellom anna i spissen for å kartlegge tilhøva for norske krigsbarn. Hans redigerte verk om teori og metode i samfunnsfaga er omsett til engelsk, tysk, russisk og kinesisk. På 2000-talet leia han arbeidet med å kartlegge leivningar etter norske frontkjemparar som fall på Kaprolat-høgda i Karelen.

Larsen er grunnleggar av NorgesLexi, ei samling digitalisert materiale, hovedsakleg om Noreg under andre verdskrigen, og som også har digitaliserte versjonar av Pax Leksikon og Arbeidernes Leksikon.

Stein Ugelvik Larsen mottok i 2009 Kongens fortjenstmedalje i gull.

Familien Ugelvik dreiv Djupvasshytta i Geiranger, og Larsen vurderte som ung å ta over drifta. Djupvasshytta blei seld ut av familien i 1965.«Djupvasshytta». Sunnmørsposten. 3. juli 2009.

Verk Blodbadet i Karelen: skijegerbataljonens undergang Historie & Kultur 2015 ISBN 9788283230086 med Beatrice Sandberg og Volker Dahm, Meldungen aus Norwegen 1940-1945. Die geheimen Lageberichte des Befehlhabers der Sicherheitspolizei und des SD in Norwegen, seks bind, München: Oldenburg, 2008 med António Costa Pinto og Roger Eatwell (red.), Charisma and fascism in interwar Europe, London: Routledge, 2007 Teori og metode i geografi, Bergen: Fagbokforlaget, 2006 (red.): Theory and methods in political science. The first steps to synthesize a discipline, Boulder: Social Science Monographs, 2005 med Ekkart Zimmermann (red.), Theorien und Methoden in den Sozialwissenschaften, Wiesbaden: Westdeutscher Verlag, 2003 (red.), Teori og metode i statsvitenskap, Bergen : Fagbokforlaget, 2003 (red.), Fascism outside Europe. The European impulse against domestic conditions in the diffusion of global fascism, New York: Columbia University Press, 2001 (red.), The Challenges of theories on democracy. Elaborations over new trends in transitology, 2000 (red.), Teori og metode i samfunnsfaga, 1999 (red.), I krigens kjølvann. Nye sider ved norsk krigshistorie og etterkrigstid, 1999 På vakt mot ideologiene. Om hvordan fordreid kunnskap, politisk strategi og hatet som drivkraft er nøkkelen til forståelsen av nynazismens aktivitet i Tyskland, 1995 Den norske kirkes politiske stilling belyst ved konflikten omkring "den rette kirke" og NS-kirken under okkupasjonen, 1976 (sammen med Bjarte Birkeland), Nazismen og norsk litteratur, 1975 De Valeras Irland, 1966 Mot eget Fiskeridepartement. Noen trekk ved Noregs Fiskarlags virksomhet foran endringer i den offentlige administrasjon, 1964

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Stein Ugelvik Larsen» frå , den 24. juni 2017. Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske statsvitskapsprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull