Dermatopontin er eit matricellulært protein som hos menneske er koda for av genet DPT. Det er gjort framlegg om at proteinet styrer åtferda til TGF-β gjennom vekselverknader med dekorin. Proteinet er bygd opp av 201 aminosyrer og har ei molekylvekt på 24 kilodalton. Kvartærstrukturen samhandlar med TGF-β1, dekorin og kollagen. Dermatopontin har fleire angiogenesefremjande eigenskapar som kan vere nyttige i behandling av kroniske sår og kreft. Proteinet fekk namnet sitt av di det kan binde seg til både celler og dermatansulfatproteoglykan i huda, som ein analogi til osteopontin, som bind seg til integrin og hydroksyapatittkrystallar i beinvev.

Virvellause dyr har homologar av dermatopontin som i hovudsak har til føreloge å feste seg til eller klumpe seg saman med andre celler.

Genet er knytt til sjukdommane leiomyom, keloidar og aniseikoni.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dermatopontin» frå , den 4. juli 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gen på kromosom 1 Kategori:Ekstracellulære matriksprotein