William «Billy Boy» Arnold ()[ Allmusic biography] er ein USA-amerikansk blues-munnspelspelar, songar og låtskrivar.
Biografi mini|venstre|Billy Boy Arnold på International Jazz Festival i Wellington i 2006. Arnold var fødd i Chicago og byrja å spele munnspel som barn, og i 1948 fekk han formelt opplæring frå naboen John Lee «Sonny Boy» Williamson, kort tid før Williamson døydde. Arnold debuterte som plateartist i 1952 med «Hello Stranger» for Cool, og plateselskapet gav han kallenamnet «Billy Boy».
Tidleg i 1950-åra slo han seg saman med gatemusikaren Bo Diddley og spelte munnspel 2. mars 1955 på innspelinga av Bo Diddley-songen «I'm a Man» for Checker Records. Same dagen som Bo Diddley-innspelinga spelte Billy Boy inn den sjølvskrivne «You Got to Love Me» som ikkje kom ut før plateboksen Chess Blues 1947-1967 i 1992.
Arnold signerte ein solokontrakt med Vee-Jay Records og spelte inn originalane til «I Wish You Would» og «I Ain’t Got You». Begge vart seinare spelte inn av The Yardbirds. «I Wish You Would» vart òg spelt inn av David Bowie på albumet Pin Ups i 1973 og av Sweet i 1982 på albumet Identity Crisis.
Seint i 1950-åra fortsette Arnold å spele i Chicago og i 1963 spelte han inn albumet More Blues From The South Side for Prestige, men karrieren stagnerte og han starta ein parallell karriere so bussjåfør og seinare tilsynsførar.
I 1970-åra hadde Arnold byrja å spele att på festivalar i Europa. Han spelte inn ei innspeling for BBC Radio 1 og John Peel den 5. oktober 1977. Han spelte i 1997 inn songar for det som vart albumet Catfish i 1999 i London med Tony McPhee og The Groundhogs.
Diskografi
Studioalbum More Blues On The South Side (Prestige, 1964) Kings Of Chicago Blues Vol. 3 (Vogue, 1973) Blow The Back Off It (Red Lightnin', 1975) Checkin' It Out (Red Lightnin', 1979) Ten Million Dollars (Blue Phoenix, 1984) Back Where I Belong (Alligator, 1993) Eldorado Cadillac (Alligator, 1995) Boogie 'n' Shuffle (Stony Plain, 2001) Consolidated Mojo (Electro-Fi, 2005) Billy Boy Arnold Sings Sonny Boy (Electro-Fi, 2008) Billy Boy Arnold Sings Big Bill Broonzy (Electro-Fi, 2012) The Blues Soul Of Billy Boy Arnold (Stony Plain, 2014)
Konsertalbum Live At The Venue 1990 (Catfish, 2000)
Samlealbum Crying And Pleading (Charly, 1980) Goin' To Chicago (Testament, 1995) Catfish (Catfish, 1999)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Billy Boy Arnold» frå , den 10. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Intervju med Richie Unterberger [ Arnold] på Allmusic
Kategori:Chicago blues-musikarar Kategori:Blues revival-musikarar Kategori:USA-amerikanske bluesmunnspelspelarar Kategori:Musikarar frå Chicago Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar