«The Way You Do the Things You Do» er ein hitsong frå 1964 av The Temptations for Motown. Han vart skriven av Miracles-medlemmane Smokey Robinson og Bobby Rogers. Singelen var den første til Temptations som gjekk inn å Billboard Hot 100, og nådde ein sjetteplass der. Han gjekk òg til topps på Cash Box R&B-lista.
Temptations-versjonen
Bakgrunn Falsettsongen til Eddie Kendricks dominerer songen og består av ei samling av flørtelinjer («You got a smile so bright/you know you coulda been a candle/I'm holding you so tight/You know you coulda been a handle»). Songen kom til som ein spøk mellom Robinson og Rogers for å få tida til å gå på lange bussturar. Dei forstod at dei hadde noko å arbeide vidare med og utvikla songen for The Temptations, som på denne tida hadde slite med å slå gjennom. Denne versjonen av songen finst på to av albuma deira, Meet The Temptations i 1964 og The Temptations Sing Smokey i 1965.
Innspelinga vart gjort 8. januar 1964, kring to veker etter Elbridge Bryant fekk sparken frå bandet, og den yngre broren til Jimmy Ruffin, David Ruffin hadde teke over. Sjølv om Ruffin stort sett song førstestemme på scenen, var han i bakgrunnen på singlane i 1964, men etter Smokey Robinson høyrde han syngje solo på Temptations-konserten på Motortown Revue, fekk Ruffin rolla med å syngje førstestemme på den første Temptations-songen som gjekk heilt til topps, «My Girl».
The Temptations lærte om suksess med «The Way You Do the Things You Do» etter å ha kome heim til Detroit i Michigan og ein Motown-sjef nonchalant sa til dei, «åja, de har fått ein hit».
Medverkande Førstestemme av Eddie Kendricks Korvokal av Melvin Franklin, Paul Williams, David Ruffin og Otis Williams Instrumentation by the Funk Brothers
Salslister Liste (1964)PlasseringUS Billboard Hot 1006US Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, April 18, 196410US Cash Box R&B Singles Chart1
Rita Coolidge-versjonen
Rita Coolidge song inn «The Way You Do the Things You Do,» og han vart gjeven ut so den tredje singelen frå det mest suksessrike albumet hennar, Anytime...Anywhere i 1978. I USA nådde singelen 20. plassen på Billboard Hot 100 og 18. plassen på Cash Box Top 100. Han ndåde òg 16. plassen i Canada og er rangert som den 151. største hitten i Canada i 1978.
Salslister
Vekeslister Liste (1978)PlasseringCanada RPM Top Singles16Canada RPM Adult Contemporary13U.S. Billboard Hot 10020U.S. Cash Box Top 10018
Årslister Liste (1978)PlasseringCanada151
UB40-versjonen
«The Way You Do the Things You Do» vart spelt inn i 1989 av bandet UB40. Det var den sjette singelen deira frå albumet Labour of Love II frå 1989. Songen kom ut i dei fleste land i Europa i 198 (i juli 1990 på Frankrike) og vart nytta i Ridley Scott–Michael Douglas-filmen Black Rain.
Innhald 7"-singel «The Way You Do the Things You Do» (3:03) «Splugen» (4:41)
CD-singel «The Way You Do the Things You Do» (3:03) «Splugen» (4:41)
CD-Maxi «The Way You Do the Things You Do» (Jazzy Club Mix) (6:11) «The Way You Do the Things You Do» (Paradise Mix) (4:07) «The Way You Do the Things You Do» (3:00) «Splugen» (4:42)
Medverkande Saksofonar: Brian Travers Vokal: Astro, Al Campbell, Robin Campbell Trommer: James Brown Perkusjon: Norman Hassan Bassgitar: Earl Falconer Gitar: Ali Campbell, Robin Campbell Klaverinstrument: Mickey Virtue Miksa av John Shaw, Gerry Parchment og Bertie Grant
Salslister Vekeslister (1990–92)PlasseringAustralia (ARIA)78Canada (RPM)42Ireland (IRMA)Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta April 10, 2008) 26Storbritannia (The Official Charts Company)UK Singles Chart Chartstats.com (Henta April 10, 2008)49U.S. Billboard Hot 100Billboard [ allmusic.com] (Henta April 20, 2008)6U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks21Liste (1992)PlasseringAustralia (ARIA)63
Årslister (1991–92)PlasseringU.S. Billboard Hot 10071
LandSalstroféSalFrankrikeSølvUB40's certifications Chartsinfrance.net (Henta February 12, 2008)151 000Sales of UB40's singles in France Infodisc.fr (Henta February 12, 2008)
Andre versjonar «The Way You Do the Things You Do» har blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna ei nyinnspeling av The Temptations i lag med Diana Ross & The Supremes i 1968. Ein italiensk versjon vart spelt inn i 1967 av The Temptations med tittelen «Sei solo tu».
Songen er blitt ein hit på Amerikansk Topp 40 i fire tiår på rad, frå 1960- til 1990-åra. I 1985 vart ein konsertversjon (som ein del av ein medley med «My Girl») gjeven ut av Hall & Oates i lag med David Ruffin og Eddie Kendrick, og denne versjonen nådde 25. plassen.
Songen er òg blitt spelt inn av Eric Donaldson, Elkie Brooks, the Underdogs, Manfred Mann i 1965 på Mann Made, The Iveys (Pete Ham, Tom Evans, Ron Griffiths & Mike Gibbins, før Griffiths slutta og bandet endra namn til Badfinger), Little Richard i 1971 på The King of Rock and Roll. Jordan Pruitt i 2008 på albumet Permission to Fly, Kids Incorporated i 1989 i sesong seks av «Pollution Problems»,Kids Incorporated - The Way You Do The Things You Do og Hilary Duff i filmen Raise Your Voice.
Jerry Garcia Band framførte songen på konsertar med ein lang jam, og songen vart ofte ti minuttar eller meir. Bruce Springsteen og E Street Band framførte ein lengre versjon, som ein del av medley med «634-5789», under ei radiosending frå Apollo Theater og fortsette å spele songen på Wrecking Ball-turneen i 2012.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Way You Do the Things You Do» frå , den 23. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar skrivne av Bobby Rogers Kategori:Songar skrivne av Smokey Robinson Kategori:Songar produserte av Smokey Robinson Kategori:The Temptations-songar Kategori:Gordy Records-singlar Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:A&M Records-singlar Kategori:The Supremes-songar Kategori:UB40-songar Kategori:Hall & Oates-songar Kategori:Rita Coolidge-songar Kategori:Manfred Mann-songar Kategori:Little Richard-songar Kategori:Dr. John-songar Kategori:Jerry Garcia-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Smokey Robinson-songar Kategori:Cee Lo Green-songar Kategori:Ferrante & Teicher-songar