Sjögren-syndrom er ein autoimmun sjukdom som i hovudsak råkar eksokrine kjertlar. Nokre av dei mest typiske symptoma er turr munn og turre augo. Sjukdomen råkar i hovudsak middelaldrande kvinner, men òg menn, born og eldre. Sjukdomen er relativt mild, men 5 til 10 prosent pasientar får kreftsjukdomen ikkje-Hodgkin-lymfom og har auka døying. Sjukdomen vert delt inn i primær og sekundær form. Primært Sjögren-syndrom er uavhengig av andre sjukdomar medan sekundært syndrom involverer sjukdom i underliggjande bindevev.

I sjukdomen går lymfocyttar inn i eksokrine kjertlar, i hovudsak tåre- og spyttkjertlar, og epitel i desse kjertlane vert øydelagt.

Fleire virus, inkludert Epstein-Barr-viruset, er knytte til sjukdomen.

Sjukdomen er namnsett etter Henrik Sjögren som i 1933 presenterte funn frå kvinnelege pasientar med turre munnar og augo som symptom.

Kjelder

Kategori:Autoimmune sjukdommar