Bakkebø kyrkje er ei krosskyrkje frå 1960 i Eigersund kommune i Rogaland fylke. Byggverket er i betong og har 400 sitjeplassar.

Kyrkja ligg på området til den tidlegare HVPU-institusjonen Bakkebø, som i mange år vart driven av Raudekrossen. Etter at HVPU-institusjonane vart avvikla, vart kyrkja teken over av Eigersund kommune. Ho vert no nytta til omlag ei gudsteneste i månaden.Eigersund kyrkjelege fellesråd

Altartavle er teikna av arkitekten, skoren av Sven Valevatn og måla av Anders Ragnvald Andersen. Tavla har fire nisjar med evangelistfigurar og i midten eit bilete måla av Harald Kihle.Teksthefte publisert på nettstaden til Eigersund kyrkjelege fellesråd

Fotnotar

Kjelder Eigersund kyrkjelege fellesråd – Bakkebø kirke

Kyrkjesøk – Bakkebø kirke

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Eigersund Kategori:Kyrkjer i Dalane prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1960 Kategori:Kulturminne i Eigersund