Enaresamisk fonologi er framstillinga av lydsystemet i enaresamisk.

Vokalar

Enaresamisk har desse vokalane (vokalsymbola er frå skriftspråket): < a, á, ä, â, e, i, o, u, y ö >. I moderne enaresamisk uttrykker ä og á same fonem, skilnaden er at ä blir skrive berre i første stavinga, og berre viss andre staving inneheld i eller e, mens á blir skrive i andre kontekstar. Vokalsymbolet <â> står for schwa, mens dei andre vokalsymbola har omtrent same lydverdi som i finsk, bortset frå <e>, som også representerer æ.

Enaresamisk har 5 diftongar, /iä/, /ie/, /uo/, /uá/, /ye/, dei kan vere korte eller lange.

Konsonantar

+ Konsonantar Labial Dental Alveolar Postalveolar Palatal Velar Nasal m n ŋ Klusil ogaffrikatar p b t d t͡s d͡z t͡ʃ d͡ʒ k g Frikativ f v ð s ʃ h Approksimantar j Lateral l Tremulantar r

Stadieveksling Som i nesten alle samiske og austersjøfinske språk har også enaresamisk stadieveksling.

Enaresamisk har stadieveksling i tre gradar, på same måten som nordsamisk. Stadievekslinga kan vere kvantitativ (lang konsonant vekslar med kort), kvalitativ (konsonanten endrar seg), eller begge delar. Sjølve stadievekslinga minnar mykje om stadievekslinga i nordsamisk, men ortografisk skil dei seg mykje frå kvarandre. I både nord- og enaresamisk er det slik at ei kvantitativ endring i konsonantane blir kompensert med ei motsett endring av vokalen. Skilnaden er at der dette ikkje er ein del av den nordsamiske ortografien, blir det i enaresamisk markert i skrift (døme frå Morottaja og Olthuis ms.).

káttu : káátu (tt:t) tak Nom : tak Gen máátu : mááđu (t:đ) makk Nom : makk Gen ákku : ááhu (kk:h) bestemor Nom : bestemor Gen

I det første og siste dømet har vi kvantitav stadieveksling, der konsonanten i svakt stadium er kortare enn konsonanten i sterkt stadium. Stavinga er likevel like lang i sterkt og svakt stadium, fordi vokalen i svakt stadium blir forlenga for å "kompensere" for forkortinga i konsonanten.

Litteratur

Bye, Patrik; Elin Sagulin og Ida Toivonen. 2009. Phonetic duration, phonological quantity and prosodic structure in Inari Saami. Phonetica 66(4): 199–121. Itkonen, Erkki. 1939. Der ostlappische Vokalismus vom qualitativen Standpunkt aus mit besonderer Berücksichtigung des Inari- und Skoltlappischen: lautgeschichtliche Untersuchung. (Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia, 79.) Helsinki: Suomalais-Ugrilainen Seura. xvi+386pp. Morottaja, Petter og Marja-Liisa Olthuis. 2016. Inarinsaamen kielioppi. Ms. 214pp. Olthuis, Marja-Liisa. Kielâoppâ. [Inari] : Sämitigge, 2000. Äimä, Frans. 1918. Phonetik und Lautlehre des Inarilappischen. (Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia, 42.1 + 43.) Helsinki: Suomalais - Ugrilainen Seura.

Kategori:Enaresamisk språk Kategori:Fonologi etter språk Kategori:Samisk grammatikk