Kjell Gjerseth () var ein norsk politisk aktivist for AKP, journalist og forfattar.

Gjerseth var først aktiv i Unge Høgre, i 1965 som formann i Rogaland Unge Høgre, men gjekk ut derfrå i protest mot Vietnamkrigen. Han vart så aktiv i AKP(m-l) og følgde i linja til 1976 partiet om sjølvproletarisering som industriarbeid ved Jøtul. Som fagforeiningsaktiv vart han i 1976 landskjent som leiar for ein seks vekers ulovleg streik på Jøtul og året etter som ein av AKP-arane som var delegatar til LO-kongressen i 1977.

Den politiske aktivismen til Gjerseth dreidde sidan i retning journalistikken og han byrja som journalist i partiavisa Klassekampen. Gjerseth engasjerte seg sterkt i solidaritet med Afghanistan etter den sovjetiske okkupasjonen av landet i 1979, eit engasjement han har halde på sidan. Den politiske aktivismen på ytste venstre fløy skaffa Gjerseth merksemd frå Politiets tryggingsteneste og han vart overvakt frå 1976 av. Gjerseth vart i 2003 tilkjent 20 000 kroner i erstatning for den delen av POT si overvaking som var ulovleg.

Gjerseth studerte først journalistikk. I 1968 var han redaktør i studentavisa Universitas. I 1972 tok han hovudfag i sosiologi ved Universitetet i Oslo med hovudoppgåva Konflikt – kommunikasjon: en rapport om unge sosialklienter tilknyttet «stoffmiljøene» i Oslo sentrum, deres tradisjon og forhold til Ungdomskontorets Uteseksjon. I ei tid før han vart industriarbeidar var han lektor ved det som då heitte Distriktshøgskolen i Volda.

Gjerseth arbeidde òg som journalist i Stavanger Aftenblad. Hadde har lang røynsle frå ulike konfliktområde. Under den første Gulfkrigen var han den einaste norske journalisten som vart igjen i Bagdad. Han var leiande blant motstanden til norske kulturarbeidarar mot amerikanske angrep på Afghanistan og okkupasjon av Irak, m.a. som bidragsytar i antikrigs-antologien Pax Poeta (Det Norske Samlaget 2003).

I 1983 gav Gjerseth ut sin einaste roman, Chakoo, frå Afghanistan under den sovjetiske okkupasjonen. For boka fekk han Tarjei Vesaas' debutantpris.

Bibliografi Utviklingen forstår oss ikke : Ei bok om «generasjonsmotsetninger» – sakprosa, Gyldendal Norsk Forlag (1974) ISBN 82-05-06757-0 Chakoo – roman, Forlaget Oktober (1983) ISBN 82-7094-389-4 Jorda rundt på 80 dager – sakprosa (1993) (illustrert av Per Dybvig) Hvis du ikke er snill. Historier om Lindøy – sakprosa (2005)

Prisar Tarjei Vesaas' debutantpris 1983, for Chakoo Narvesenprisen 1983

Kjelder

Nedrebø, Rune (30. januar 2003). «Kjell Gjerseth får erstatning for ulovlig overvåking». Stavanger Aftenblad: 5. Vaage, Lars (1981). Rogaland Høyre 60 år. Stavanger: Rogaland Høyre. «Kjell Gjerseth 60 år». Stavanger Aftenblad: 41. 14. september 2006.

Denne artikkelen bygger på «Kjell Gjerseth» frå , den 15. oktober 2017

Kategori:AKP-politikarar Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris