Junior Eurovision Song Contest 2018 (JESC 2018) var den 16. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Minsk Arena i Minsk i Kviterussland. Dette var andre gongen Kviterussland arrangerer tevlinga. Finalen vart arrangert 25. november 2018.

Tjue land deltok i tevlinga, det høgste antallet med deltakande land i tevlinga si historie. Kasakhstan og Wales deltok for fyrste gong i Junior Eurovision Song Contest, medan Aserbajdsjan, Frankrike og Israel returnerte til tevlinga.

Polen vann Junior Eurovision Song Contest for fyrste gong, med songen «Anyone I Want to Be», sungen av Roksana Węgiel. Frankrike, Australia, Ukraina og Malta utgjorde resten av topp fem.

Arrangementet Vertslandet Den 15. oktober 2017, over ein måned før Junior Eurovision Song Contest 2017 vart halden, vart det stadfesta at Kviterussland hadde blitt tildelt vertskapet. Dette etter at tevlinga si styregruppe hadde fjerna ein klausul frå regelverket som ga vinnarlandet moglegheita til å takka nei til å vere vertskap for påfølgjande års tevling. I staden fekk European Broadcasting Union (EBU) sine medlemsland moglegheit til å søkje om å vere vertskap, og dette gjorde at Kviterussland og BTRC vart tildelt rolla som vertskapet da dei vart ansett som meist egna.

Dette var den andre gongen Kviterussland arrangerte Junior Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert tevlinga i 2010, samt fyrste gang sidan 2012 at konkurransen vart halden i eit land som var bestemt på førehand uavhengig av utfallet av førre års tevling.

Kviterussland kunngjorde 23. november 2017 at dei hadde hensikt om å lempe på visumavgrensingar i løpet av november månad for å gjere det lettare for delegasjonar, presse og fans å deltake i konkurransen.

Stad Da vertslandet vart kunngjort, vart det klart at tevlinga ville verte halden i hovudstaden Minsk. 23. november vart det klart at tevlinga ville verte halden i Minsk-Arena. Dette er fyrste gang tevlinga arrangeres i same arena to gongar. Den 18. mars 2018 vart det også kjend at tevlinga ville bli halden 25. november 2018. Opningsseremonien fann stad i BelExpo.

Format Grafisk design Då datoen for tevlinga vart presentert, vart tevlingas offisielle logo og slagord også presentert. #LightUp (Lys opp (#Зажигай på russisk)) er slagordet, og logoen er en morgenstjerne med vertikalt inverterte lydbølger. Inspirasjonen kjem frå deltakaranes kunstnarlege potensial og kreativitet, noko som gjer scena til noko magisk, som ei himmel full av stjerner.

Programleiarar 26. oktober 2018 vart og Zinaida Kupryjanovitsj presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2018, saman med , som skulle rapportere frå green room under sendinga. Perlin er nyheitsanker og programleiar i BRTC, og har vore kommentator for Kviterussland i Eurovision Song Contest sidan 2013. Kuprijanovitsj er kjend som artist, og har deltake to gongar i Kviterussland si nasjonale utveljing til Junior Eurovision Song Contest i 2015 og 2016. Meraai er også kjend som artist, og representerte Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest i 2017, hvor hun endte på 5.-plass. Det kom også fram at og ville leia opningsseremonien.

Deltakande land Følgjande land deltok i Junior Eurovision Song Contest i 2018. # Land Artist Song Språk Plass Poeng 01 Darina Krasnovetska «Say Love» Ukrainsk og engelsk 4 182 02 Rita Laranjeira «Gosto de Tudo (Já Não Gosto de Nada)» Portugisisk 18 42 03 Danelija Tölesjova «Özinge sen» Kasakhisk og engelsk 6 171 04 Efi Gjika «Barbie» Albansk og engelsk 17 44 05 Anna Filiptsjuk «Nepobedimy» Russisk og engelsk 10 122 06 Max og Anne «Samen» Nederlandsk og engelsk 13 91 07 Fidan Hüseynova «I Wanna Be Like You» Aserbajdsjansk og engelsk 16 47 08 Daniel Jastremskij «Time» Russisk og engelsk 11 114 09 Taylor Hynes «IOU» Irsk 15 48 10 Bojana Radovanović «Svet» Serbisk 19 30 11 Melissa og Marco «What Is Love» Italiensk og engelsk 7 151 12 Jael Wena «Champion» Engelsk 3 201 13 Tamar Edilasjvili «Your Voice» Georgisk og engelsk 8 144 14 Noam Dadon «Yelaad'im kaeele» Hebraisk 14 81 15 Angélina «Jamais sans toi» Fransk og engelsk 2 203 16 Marija Spasovska «Doma» Makedonsk 12 99 17 L.E.V.O.N «L.E.V.O.N» Armensk 9 125 18 Wales Manw «Perta» Walisisk 20 29 19 Ela Mangion «Marchin' On» Engelsk 5 181 20 Roksana Węgiel «Anyone I Want to Be» Polsk og engelsk 1 215

Røystegjeving Poenggjevande land Totalt INR Ukraina 182 78 7 6 2 3 4 3 3 5 8 7 10 8 5 10 2 5 4 12 Portugal 42 42 Kasakhstan 171 103 5 4 7 5 8 6 4 5 6 8 4 6 Albania 44 34 1 1 1 2 5 Russland 122 62 1 4 3 12 2 8 5 10 7 2 6 Nederland 91 68 1 2 1 3 2 3 4 6 1 Aserbajdsjan 47 30 6 3 4 3 1 Kviterussland 114 53 10 2 8 10 2 5 1 1 12 10 Irland 48 36 3 1 8 Serbia 30 28 2 Italia 151 57 6 4 10 4 7 10 6 7 7 7 3 12 8 3 Australia 201 53 12 12 3 7 10 12 6 12 7 3 12 8 2 6 7 7 12 10 Georgia 144 39 7 2 5 12 2 2 12 2 10 5 12 10 5 8 10 1 Israel 81 47 4 3 7 1 5 1 6 2 3 2 Frankrike 203 117 5 12 6 7 7 8 6 7 4 4 1 6 1 12 Makedonia 99 35 2 12 10 1 1 12 1 2 7 5 4 7 Armenia 125 70 3 6 3 6 5 3 6 4 8 7 4 Wales 29 29 Malta 181 43 10 8 8 5 8 10 5 10 8 4 8 12 12 10 4 3 8 5 Polen 215 136 8 1 8 4 4 10 2 10 5 6 12 3 6

INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

12 poeng frå dei nasjonale juryane Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng6 Kviterussland, Italia, Nederland, Portugal, Ukraina, Wales3 Irland, Israel, Russland2 Albania, Malta Australia, Georgia Kasakhstan, Serbia1 Armenia Makedonia Frankrike Aserbajdsjan Polen

Sjå òg Eurovision Song Contest 2018

Fotnotar

2018 Kategori:Musikktevlingar i 2018 Kategori:2018 i Belarus