Krigsskolen (KS) er den militære høgskulen i Hæren som utdannar offiserar. Krigsskolen, som ligg på Linderud leir utanfor Oslo, vart etablert i 1750, og er den eldste institusjonen for høgare utdanning i Noreg. For å kunna koma inn på Krigsskolen må kandidaten ha grunnleggjande befalskurs. Høgskulen tilbyr tre ulike treårige bachelorstudium: KS Operativ, bachelor i militære studier; KS Ingeniør, bachelor i ingeniørfag; KS Logistikk, bachelor i ressurstyring og logistikk.

Utdanning Krigsskolen vart i 2003 delvis underlagt lov om universitet og høgskular, og fekk rett til å tildela bachelorgrader. I 2008 oppretta avdelinga eit fireårig gjennomgåande studieløp. Til dette studieløpet har kandidatar utan tidlegare militær erfaring høve til å søka seg rett inn på Krigsskolen. Det første av dei fire åra vert nytta til basisferdigheiter, infanteriteneste og militær leiing – som utgjer grunnleggjande befalskurs. Etter fullført første året av gjennomgåande Krigsskole begynner kadettane på dei forskjellige bachelorstudia på lik linje som søkarar elles. I tillegg til bachelorstudia tilbyr skulen to kvalifiseringskurs kvart år, der personell frå alle dei tre greinene i Forsvaret kan få ei kortare, intensiv utdanning.

Krigsskolen er, i tillegg til Hans Majestet Kongens Garde, kongens livavdeling. Skulesjef ved Krigsskolen er oberst Erlend Bekkestad. Personellet ved Krigsskolen er dei einaste i Hæren som nyttar kepi til paradeuniformen. mini|venstre|Den gamle krigsskolen i Tollbugata, Oslo.

Leiarar Arne Pran (1979–1983)Arne Pran er død: – Han tok ansvar etter Vassdalen-ulykken. NRK. Vitja 9. juli 2020

Kjelder

Kategori:Den norske hæren Kategori:Høgskular i Noreg Kategori:Utdanningsinstitusjonar i Oslo