Olav Kjetilson Nylund () var ein norsk småbrukar og stortingsmann frå Åmli. Han representerte Arbeidarpartiet og Aust-Agder på Stortinget frå 1945 til 1953.
Nylund var son til ein gardbrukar. Sjølv var han frå 1917 gardsdreng og skogsarbeidar til 1920. Skulevinteren 1920-21 gjekk han på Telemark folkehøgskule. Der etter arbeidde han 1921-25 med stikning og var oppsynsmanns-assistent ved bygginga av Sørlandsbanen. Etter 1925 dreiv han eit småbruk og arbeidde elles i skogen, på anlegg og var pelsdyroppdrettar.
Nylund var medlem i Åmli kommunestyre frå 1931 til 1957, ordførar 1934-40 og varaordførar 1947-51. Ved stortingsvalet 1945 vart han vald inn på Stortinget frå Aust-Agder og attvald i 1949. Begge fireårsbolkane var han medlem av Protokollkomiteen. Frå 1946 var han elles medlem i Forsvarskommisjonen av 1946.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Åmli