Hebe (gresk Ἥβη, Hēbē) var ungdomsgudinna i gresk mytologi. Ho var dotter av Zevs og Hera,Hesiod, Theogonien 921–922; Homer, Odysseen 11. 604–605; Pindar, Isthmian 4.59–60; Apollodorus, 1.3.1, og seinare forfattarar. og blei gift med halvguden Herakles. Hebe var munnskjenk for gudane på Olympos.

Hebe serverte gudane nektar til å drikka og ambrosia til å eta, heilt til ho blei gift med Herakles. Etterfølgjaren hennar var den unge trojanske prinsen Ganymedes. Ho fylte også badet for AresHomer: Iliaden, 5.722. og hjelpte Hera opp i vogna si.Homer: Iliaden, 5.905.

I Evripides sitt skodespel Heraklidene ('Barna til Herakles') innvilga Hebe ønsket til Iolaos om å bli ung igjen for å kunna kjempa mot Eurysthevs, han som påla Herakles oppgåva med dei tolv storverka. Hebe fekk to barn med Herakles: Alexiares og Aniketos, som var evig unge. Pseudo-Apollodorus: Bibliotheke, ii.7.7.

Namnet «Hebe» kjem frå det greske ordet for «ung» eller «livets glans(tid)». Den romerske gudinna som tilsvara henne var Juventas. Ovid skildrar ikkje ei sameining av Hera (Juno) og Hebe (Juventas); han opnar Fasti vi med ein disputt mellom Juno og Juventas der begge hevder å vera verna av månaden juni (tekst online) Også latinske «Juventas» betyr 'ung', og går att i det engelske ordet juvenile, «ungdom», eller juvenil, som er noko brukt på norsk.

I kunsten er Hebe vanlegvis avbilda i lang kjole uten ermer. Ho blei også dyrka som ei gudinne for tilgjeving. Frigjevne fangar kunne henga lenkjene sine i heilage lundar i heilagdommen hennar på Flius på Peloponnes.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hebe» frå , den 29. oktober 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Greske gudinner Kategori:Helsegudar