Vilde Mortensen Ingstad () er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann VM-gull i 2015 og vart europameister med Noreg i 2016. Perioden 2014-18 deltok ho i 68 landskampar og skåra 47 mål.
Karriere Ingstad byrja spele handball i Nordstrand IF, før ho i 2014 gjekk over til byrival Oppsal IF. I 2016 skreiv ho ein toårskontrakt med danske Esbjerg.
Den 11. oktober 2014 fekk Ingstad sin landslagsdebut mot Frankrike, men ho kom ikkje med i EM-troppen 2014. Derimot var ho med i meisterskaps-troppane både i Handball-VM 2015 i Danmark og Handball-EM 2016. I verdsmeisterskapen var ho berre med i dei innleiande kampane. Under europameisterskapen 2016 i Sverige fekk ho meir speletid, fekk likevel einast korte innbyte då Noreg triumferte over Nederland i finalen.
Merittar landslag VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Oslo