Bjarne Lysholm () var ein norsk lækjar og fabrikkeigar frå Trondheim, med stor interesse for entomologi.
Lysholm var utdanna lækjar og praktiserte faget i ein del år. Seinare tok han over leiinga av familiefirmaet, brenneri- og destillasjonsverksemda Jørgen B. Lysholm i Trondheim.
I 1904 var Lysholm med å stifte Norsk entomologisk forening. For si interesse og sitt mangeårige arbeid i entomologi vart han utnemnd til heidersmedlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Han var og Riddar av St. Olavs orden.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Norske entomologar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:St. Olavs Orden