mini|Oslo Nye Teater mini|Centralteatret etter ombygging mini|Niels Juels gate 15 mini|Blokk i Myrahagen borettslag mini|Grand hotell i Namsos Jens Gram Dunker () var ein norsk arkitekt. Han er rekna som ein av dei leiande eksponentane for funksjonalisme i Noreg.

Utdanning og virke Dunker gjekk på Den kongelige tegneskole i 1910-11 og studerte 1911-14 ved Technische Hochschule i Dresden. Etter eksamen der var han på ei rekkje studiereiser og var assistent ved fleire arkitektkontor i Kristiania: Morgenstierne & Eide, Arnstein Arneberg og Harald Hals. I 1919 etablerte han eigen arkitektpraksis. Same året fekk han eit gjennombrot då han vann førstepremie i ein arkitektkonkurranse om bygg til Det Nye Teater saman med Gudolf Blakstad.

Teaterbygget kan illustrera både Dunker og Blakstad si utvikling og gjennombrotet til funksjonalismen i Noreg. Dunker byrja som nyklassisist og bevega seg over i funksjonalismen. Bygget var planlagd for Uranienborgveien 11, men blei oppført i Rosenkrantz' gate 10 først i 1927-29. Vinnarutkastet i konkurransen var i rein nyklassisk stil, mens det endelege resultatet i dag kan gjenkjennast som «funkis», ikke minst fasaden.

Dunker leverte viktige bidrag til norsk funksjonalisme gjennom ulike bygningstypar: bygardar, bustadblokker, rekkjehus, villaer, teater og hotell. Han dreiv også restaureringsarbeid ved Oscarshall, ved fleire kyrkjer og ikkje minst som slottsforvaltar frå 1938 til 1962 (med avbrot i 1942-45, då han blei hindra av NS). Dunker blei premiert i ei rekkje konkurransar, og han bidrog også med prosjekt som ikkje blei gjennomført, sjølv om nokre av dei blei innkjøpt.

I tillegg til det reint arkitektoniske var Dunker oppteken av møblar og brukskunst. Han utforma til dømes inventaret til Leirskogen kyrkje i Sør-Aurdal. Han skreiv også ein god del om brukskunst for Foreningen Brukskunst, og var ein flittig bidragsytar til tidsskriftet Byggekunst. I tillegg var han ein dyktig teiknar. Norsk Arkitektmuseum har mange av penneteikningane hans, særleg frå utanlandsturar der han studerte arkitektur.

Dunker hadde ei rekkje tillitsverv i Oslo Arkitektforening og Norske arkitekters landsforbund (han var periodevis visepresident i sistnemnde). Han blei tildelt ei rekkje ordenar og medaljar, mellom dei St. Olavs Orden (1945) og Kongens fortjenstmedalje i gull, og fleire utanlandske ordenar.

Dunker er gravlagd ved Vår Frelsers gravlund.

Arbeid i utval (I Oslo med mindre anna er nemnd.) Inventar til Leirskogen kyrkje i Sør-Aurdal (saman med Anders Bugge; innvigd 1924) Det Nye Teater, Rosenkrantz' gate 10 (med Gudolf Blakstad, 1927-29, etter siger i arkitektkonkurranse i 1919; tildelt Houens fonds diplom 1930) Villa i Uranienborg terrasse 1 (1932) Rekkehus i Gange-Rolvs gate 2-2D (sammen med Nicolai Beer, 1932) Rekkehus i Nobels gate 1-1G (sammen med Nicolai Beer, 1932) Ominnredning av Parkteatret, Olaf Ryes plass 11 (1932) Baroda Kirke, Ysterivegen 9, Svingvoll, Gausdal kommune (1932) Ombygging av Centralteatret, Akersgata 38 (1934) 4 boligblokker for AS Myrahagen, no eit OBOS-borettslag, Bentsebrugata 16-18 (med Georg Rohde, 1937-38) Teglvilla, Niels Juels gate 34 (med Georg Rohde, 1938) Restaurering av Fåvang kyrkje (1948–51) Restaurering av Oscarshall, Bygdøy (1950-åra) Restaurering av Slidre kyrkje (1955-56) Hvit paviljong, utviding ved Årvoll skole (1962) Grand hotell, Kirkegata 9, Namsos (1962)

Referansar Noen av Dunkers illustrasjoner har funnet veien til bøker. Se f.eks.

Leirskogen kirke i Norges kirker

Slidre kirke i Norges kirker

Europeana Collections

Niels Juels gate 15 i Kulturminnesøk

Gravferdsetaten i Oslo kommune

Osloskolen , jf. Norsk kunstnerleksikon.

Gjenreisingsarkitektmatrikkelen

Kjelder Jens Gram Dunker i Norsk kunstnerleksikon Jens Dunker i Norsk biografisk leksikon

Denne artikkelen bygger på «Jens Dunker» frå , den 4. desember 2017.

Kategori:Norske arkitektar Kategori:Funksjonalistiske arkitektar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund