Juan Nepomuceno Almonte () var ein meksikansk general, politikar og diplomat. Han var regent eller president i Mexico under det andre keisardømet skipa av Napoleon III av Frankrike.
Almonte tok del i slaget ved Alamo og slaget ved San Jacinto under Texasrevolusjonen og i den meksikansk-amerikanske krigen. Han var ein tilhengjar av keisar Maximilian I, og var leiar for dei konservative i Mexico på 1860-talet, då han blei utnemnd til regent.
Almonte var fødd i Nocupétaro i Carácuaro-distriktet i delstaten Michoacán. Han var son av José María Morelos, ein katolsk prest som leia opprørarar i den mexicanske sjølvstendekrigen frå 1811 ttil 1815, og Brígida Almonte.Virginia Guedea, «José María Morelos» i Encyclopedia of Mexico, Chicago: Fitzroy Dearborn, 1997, s. 948.Todish et al. (1998), p. 113. I 1815 sende Morelos han til New Orleans i Louisiana, der han utdanna seg og lærte seg flytande engelsk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Juan Almonte» frå , og «Juan Nepomuceno Almonte» frå den 28. desember 2017.
Kategori:Meksikanske presidentar Kategori:Meksikanske diplomatar Kategori:Folk frå Michoacán Kategori:Meksikanske generalar