Kvithalsfrøetar (Sporophila torqueola) er ein liten representant frå den biologiske slekta Sporophila i tanagarfamilien. Denne frøetararten er endemisk for Mexico.

Fram til 2018 var kvithalsfrøetar og kvitkragefrøetar (Sporophila morelleti) rekna som sama arten, men er no splitta i to artar. Kvithalsfrøetar har underartane torqueola og atriceps.

Skildring Dette er ein liten til mellomstor frøetar, ca. 9,5–11 centimeter i kroppslengd. Hannar har kanelraud farge på undersida og overgumpen. Hoa sin fjørdrakt er brungul. Begge kjønn manglar kvitt vengespegl som kvitkragefrøetar har. Desse fuglane finst berre i Mexico, på sørspissen Californiahalvøya og langs sørlege delar av Mexico mot stillehavskysten.

Habitat for kvithalsfrøetarar ligg i tropiske og subtropiske grassletter, fuktige savannar med høgt gras, men kan òg finnast på beitemarker. Dei kan beite frå havnivået og opp til over 2000 moh.

Kvithalsfrøetarar et hovudsakleg grasfrø, og nokon gonger insekt og bær.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «White-collared Seedeater» frå , den 18. oktober 2023.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:tanagarfamilien