«No More Looking Back» er ein song av The Kinks frå 1975 på konseptalbumet Schoolboys in Disgrace. Som alle songane på albumet vart han skriven av Ray Davies.

Bakgrunn

Som resten av songane på Schoolboys in Disgrace skildrar «No More Looking Back» bakgrunnssoga til Mr. Flash, hovudpersonen i rockeoperaen Preservation. Songen omhandlar Flash som går ned ei travel gate og ser ting som minnar han om den tidlegare kjærasten hans.

Songen vart gjeven ut på ein maxisingel i Storbritannia (den einaste singelen frå albumet) med «Jack the Idiot Dunce» og «The Hard Way» (begge albumspor) på B-sida. Singelen selde dårleg. Han var sidan den einaste songen frå albumet som kom ut på samlealbumet Picture Book.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «No More Looking Back» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar