Svend Lindø () var ein norsk skipsreiar, skipshandlar og politikar for Venstre, busett i Haugesund.

Lindø var fødd på Hetland i Tysvær. Far hans flytta nokre år seinare til Haugesund og byrja reie ut skip. Lindø sjølv tok styrmannseksamen og underviste i fleire år ved den offentlege sjømannsskulen i Haugesund. Frå 1886 dreiv han agenturforretning i byen, før han få år seinare utvida verksemda til frakt- og skipsutreiing.

Lindø var ordførar i Haugesund 1907-08 og 1913-14, i mellomtida varaordførar. Elles var han i si tid formann i både skulestyret og hamnestyret i byen, og for sjømannsskulen i byen. Perioden 1916-18 representerte han einmannskrinsen Haugesund og partiet Venstre på Stortinget, ei tid i 1916 med sete i Sosialkomiteen, før han gjekk over i Næringskomite nr 2.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Haugesund Kategori:Ordførarar i Haugesund Kategori:Venstreordførarar i Rogaland Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Tysvær