Øystein Midbru () var ein norsk tømmermann og treskjerar frå Kviteseid.
Midbru både bygde og skar Kolltveit-loftet i Brunkeberg i året 1790. «Loftet har fine proporsjonar og god skurd av ein litt eigen barokkrankestil med kraftig modellering.» Same året skar han Flekstveit-loftet i Lårdal. Desse loftsvaldekorasjonane er mellom dei få og beste akantus-skjeringane i Telemark.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske treskjerarar Kategori:Folk frå Kviteseid