«Over and Over» er ein song skriven av Robert James Byrd og spelt inn av han under scenenamnet Bobby Day. Versjonen hans gjekk inn på Billboard Hot 100 i 1958 og nådde 41. plassen. B-sida til songen var «Rockin' Robin». Thurston Harris sin versjon nådde 96. plassen på same lista.
Dave Clark Five-versjonen I 1965 vart den mest sukessrike versjonen av songen spelt inn av The Dave Clark Five, eit av dei tidlege banda i den britiske bølgja midt på 60-talet. Denne versjonen vart sungen av Mike Smith. I USA gjekk «Over and Over» heilt til topps på den amerianske Billboard-lista, som den einaste singelen deira. Det var òg den siste hitten i 1965. Trass i suksessen i USA, nådde singelen berre 45. plassen i heimlandet Storbritannia.
Andre versjonar I 1981 spelte Mike Love frå The Beach Boys inn songen på soloalbumet Looking Back With Love.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Over and Over (Bobby Day song)» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Dave Clark Five-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar skrivne av Bobby Day Kategori:Songar frå 1958