A Full Spoon of Seedy Blues er det fjerde studioalbumet til den amerikanske garasjerockgruppa The Seeds, men på omslaget er namnet på bandet Sky Saxon Blues Band. Det kom ut på GNP Crescendo i november 1967. Albumet var ei heilt anna retning enn psykedeliaen som hadde prega det førre albumet, Future, og var langt meir prega av blues. Resultet vart dårleg motteke både av salsmessig og av den lojale fansen.
Innspelinga byrja faktisk medan The Seeds gjorde ferdig det andre albumet sitt, A Web of Sound, men ei utgjeving vart utsett sidan gruppa framleis selde godt av debutplata si, som kom i april 1966. Med på innspelinga av A Full Spoon of Seedy Blues var medlemmar av bandet til Muddy Waters, med munnspelspelaren George «Harmonica» Smith, saksofonisten James Wells Gordon og gitaristane Luther Johnson og Mark Arnold. I tillegg medverka Johnson med to songar, «Pretty Girl» og «One More Time Blues», og ein coverversjon av Waters-songen «Plain Spoken». Sjølv om albumet vart tilskriven Sky Saxon Blues Band, var det ikkje nokre endringar i besetninga i bandet frå dei tre første albuma.
Då A Full Spoon of Seedy Blues kom ut, selde det ikkje godt nok til å gå inn på Billboard 200 og øydela det nasjonale ryktet til bandet. Det var retningsendringar mot bluesdominert musikk som fekk skulda for det dårlege salstalet, sidan albumet kom ut i eit år då psykedelisk musikk var på sitt mest populære. Albumet har så langt ikkje kome ut på CD og innhaldet er sjeldan å sjå på samleplatene til bandet. Det vart derimot gjeve ut i lag med det tredjealbumet til bandet, Future, den 12. juni 2001. I 2013 gav Big Beat Records ut A Web of Sound på ny med ein monomiks av A Full Spoon of Seedy Blues som bonus.
Innhald
Medverkande
Sky Saxon - solovokal, bassgitar, munnspel Jan Savage - sologitar, gong, korvokal Harvey Sharpe - bassgitar Daryl Hooper - orgel, piano Rick Andridge - trommer, korvokal Luther Johnson - gitar Mark Arnold - gitar George «Harmonica» Smith - munnspel James Wells Gordon - saksofon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Full Spoon of Seedy Blues» frå , den 30. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:The Seeds-album Kategori:GNP Crescendo Record Co.-album