Wayne Kramer () er ein amerikansk gitarist, songar, låtskrivar, produsent og filmmusikkomponist.

Kramer vart kjend som tenåring i 1967 då han var med å starte rockegruppa MC5 (Motor City 5) i Detroit. Gruppa var kjende for dei kraftfulle konsertane sine og eit venstreorientert politisk syn. MC5 vart oppløyst i 1972 på grunn av krangling, dopmisbruk og personlege problem. For Kramer førte dette til at han i fleire år sleit med dopmisbruk før han klarte å kvitte seg med problem og kome attende til musikken i 1990-åra.

Rolling Stone har rangert han på 92. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.

Utvald diskografi

Med MC5 Kick Out the Jams (1969) Back in the USA (1970) High Time (1971)

Solo Death Tongue (1991) Progressive The Hard Stuff (1995) Epitaph Records Dangerous Madness (1996) Epitaph Records Dodge Main (1996) Alive Gang War (1996) Sonic Citizen Wayne (1997) Epitaph Records LLMF (Live Like a Mutherfucker) (1998) Epitaph Records Mad for the Racket (2001) MuscleTone The Return of Citizen Wayne (2002) MuscleTone Adult World (2002) MuscleTone More Dangerous Madness (2004) Diesel Motor

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wayne Kramer (guitarist)» frå , den 5. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Protopunk-artistar Kategori:USA-amerikanske punkrockgitaristar Kategori:Mudhoney-medlemmar Kategori:MC5-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Musikarar frå Detroit