Linda Louise McCartney, Lady McCartney () var ein amerikansk musikar, fotograf, og dyrevernsaktivist. Ho var gift med Paul McCartney frå The Beatles. McCartney var profesjoell fotograf og tok mange bilete av kjendisar og musikarar. Bileta henna vart publiserte i boka Linda McCartney's Sixties: Portrait of an Era i 1992.McCartney, Linda. Linda McCartney's Sixties: Portrait of an Era. Bullfinch Press. 1992.

Linda gifta seg med McCartney i 1969 i Marylebone festekontor i London og vart sidan velsigna i St John's Wood Church. Dottera hennar, Heather Louise, frå det første ekteskapet med Melville See, vart adoptert av Paul McCartney. I lag hadde McCartney-paret tre andre barn, mellom desse moteskaparen Stella McCartney.

Etter The Beatles vart oppløyst i 1970, skipa Paul og Linda bandet Wings i 1971. Ho fortsette å turnere med bandet til ektemannen etter Wings vart oppløyst i 1981 og fram til The New World Tour i 1993.

McCartney var oppteken av dyrerettar og publiserte fleire vegetariske kokebøker. Ho skipa òg vegetarmatføretaket Linda McCartney Foods med ektemannen.

I 1995 fekk ho diagnosen brystkreft og døydde av sjukdommen i 1998, 56 år gammal.

Diskografi

Wings

Soloalbum Wide Prairie (1998)

Solosinglar År SongUKUS Hot 100 Album 1998 «Wide Prairie» 74 –Wide Prairie 1999 «The Light Comes from Within» 56 –

Paul og Linda McCartney Ram (1971)

Studioarbeid Paul McCartney – McCartney (1970) Denny Laine – Holly Days (1977) Denny Laine – Japanese Tears (1980) Paul McCartney – McCartney II (1980) Paul McCartney – Tug of War (1982) Paul McCartney – Pipes of Peace (1983) Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street (1984) Paul McCartney – Press to Play (1986) Paul McCartney – Flowers in the Dirt (1989) Paul McCartney – Off the Ground (1993) Paul McCartney – Flaming Pie (1997)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Linda McCartney» frå , den 19. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Linda McCartney-biografi på Wingspan Linda McCartney Foods

Kategori:USA-amerikanske kokebokforfattarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske fotografar Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Døde av brystkreft Kategori:Jødisk-amerikanske musikarar Kategori:Folk frå Scarsdale i New York Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:Elevar ved University of Arizona Kategori:Wings-medlemmar