«Beautiful Night» er ein song av Paul McCartney frå 1997 på albumet Flaming Pie. I desember 1997 vart han gjeven ut som den tredje og siste singelen frå albumet, og nådde 25. plassen på UK Singles Chart.

Songen vart opphavleg spelt inn i august 1986 i New York City. Denne versjonen kan høyrast på CD-singelen som ein del av «Oobu Joobu»-delen.

Songen var det første av to samarbeid mellom McCartney og Ringo Starr på Flaming Pie (den andre var «Really Love You») og songen vart orkestrert av George Martin. Innspelinga var i Abbey Road Studios.

Musikkvideo Videoen til singelen vart regissert av Julien Temple og måtte redigerast på ny på grunn av eit kort glimt av ei naken kvinne. Med i videoen var Ringo Starr, Linda McCartney (siste gongen ho var med i ein musikkvideo) og bandet Spud. Videoen vart send første gongen på The Oprah Winfrey Show.

Innhald 7" , CD1 «Beautiful Night» – 5:03 «Love Come Tumbling Down» – 4:21 «Oobu Joobu» (Part 5) – 9:54 (berre CD) CD2 «Beautiful Night» – 5:08 «Same Love» – 3:53 «Oobu Joobu» (Part 6) – 8:33

B-sider «Same Love» og «Love Come Tumbling Down» var ikkje gjevne ut før. «Oobu Joobu»-songane er ei rekkje demoar intervju og unytta songar sette saman til eitt spor. Namnet er henta frå radioprogrammet til McCartney, Oobu Joobu. «Oobu Joobu» (Part 5) består av: «And Now» – 0:10 «Oobu Joobu Main Theme» – 1:14 Beautiful Night Chat – 0:09 Paul and Ringo talk about «Beautiful Night» – 2:06 Ringo Chat – 0:09 «Beautiful Night (Flaming Pie Mix)» – 1:31 «Beautiful Night (Original Version)» – 4:02 Goodbyes – 0:17 «Oobu Joobu Main Theme» – 0:37

«Oobu Joobu» (Part 6) består av: «This One» (jingle) – 0:08 «Oobu Joobu Main Theme» – 0:32 «Oobu Joobu We Love You» – 0:15 Paul talks about Abbey Road – 0:43 «Strawberry Fields Forever» (Paul solo) – 0:14 Paul talks about Abbey Road – 1:31 «Come On Baby» – 0:54 Paul talks about Abbey Road – 0:18 «Come On Baby (contd.)» – 0:33 Paul ends chat about Abbey Road – 0:22 «Okay are You Ready» (jingle) – 0:10 «Love Mix» – 3:02 «Widescreen Radio» (jingle) – 0:05 Goodbye – 0:18 «Oobu Joobu Main Theme» – 0:48

Medverkande Paul McCartney - solo- og korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar, bassgitar, piano, Wurlitzer elektrisk piano, hammondorgel, ekstra perkusjon Linda McCartney - korvokal Jeff Lynne - korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar Ringo Starr - kor- og solovokal, trommer, perkusjon George Martin - orkesterarrangement David Snell - dirigent Geoff Emerick - lydteknikar for orkesteret Jon Jacobs - lydteknikar for orkesteret Peter Cabbin - lydteknikar for orkesteret Paul Hicks - lydteknikar for orkesteret Susan Milan - fløyte

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beautiful Night (Paul McCartney song)» frå , den 23. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Songar frå 1997 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple