Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer er ein norsk komiserie som gjekk på NRK1 i 2005. Serien er av og med Lars Mjøen, Knut Lystad og Trond Kirkvaag og er den fjerde serien om brødrene Dal. Regissør var Torunn Calmeyer Ringen. I denne serien må brørne spore opp gamasjane til Karl XII for å unngå at Noreg må tilbake i union med Sverige i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 2005.
Jakta bring dei til ulike tidsepokar og historiske storhendingar i dei to landa, mellom anna underskrivinga av unionsoppløysingstraktaten i Karlstad i 1905, slaget på Dynekilen i 1716 med Tordenskjold, slaget ved Fredriksten Festning i 1718 der Karl XII blir drepen og fredsforhandlingane i Kiel 1814. Premieren vart sett av 1,24 millionar.
Referansar
Bakgrunnsstoff Artikkel om serien hjå NRK
Kategori:Brødrene Dal Kategori:Norske fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Norske humorseriar