Cornelius Lind Benjaminsson Enge () var ein norsk gardbrukar, handelsstyrar, postopnar og politikar frå Vik i Helgeland. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet i tida 1928-36. Jonas Enge var son hans, Ludvig Enge eit syskenbarn.
Cornelius Enge var son til ein gardbrukar og fiskar. Sjølv arbeidde heime på farsgarden og deltok elles årleg i lofotfisket 1885-95. Han skaffa seg jord han byrja dyrke opp som bureisar, var i tillegg skomakar og dreiv fiske. I 1901 reiste til Nord-Amerika der han slutta seg til ein fagorganisasjon for snikkarar og melde seg inn i det sosialistiske arbeidarpartiet i Minneapolis. Enge vende heim til Helgeland i 1905 og var frå 1906 styrar for Sømna Handelslag. Han var handelslagsstyrar til 1920, då han fekk jobben som postopnar i Sandvåg.
I Vik var Enge medlem av heradsstyret frå 1891. Straks han kom heim frå USA, melde han seg inn i Arbeidarpartiet og var i fleire år partiet sin krinsformann i Sør-Helgeland. Frå 1919 var han ordførar i Vik, attvald fleire gongar. Ei tid sat han då i fylkesutvalet i Nordland. Elles var han til ulike tider medlem i skulestyret, fattigstyret, likningsnemnda og forliksrådet.
Frå valet i 1927 til 1936 representerte Enge Nordland fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tre samfulle valbolkar: 1928–30, 1931–33 og 1934–36. På Stortinget var han i kvar si treårsperiode medlem i høvesvis Næringskomite nr 2, Helsekomiteen og Post-, telegraf- og kystfartskomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Folk frå Sømna