Hughie Flint () er ein engelsk trommeslagar, kjend for tida han spelte i John Mayall & the Bluesbreakers. I 1970-åra spelte han i si eiga gruppe, McGuinness Flint og seinare i The Blues Band.

Flint spelte av og på i The Bluesbreakers i fem år og deltok på albuma John Mayall Plays John Mayall (1965) og Blues Breakers with Eric Clapton (1966). Flint spelte så i lag med Alexis Korner og Savoy Brown, medan han vart erstatta hos Mayall av Aynsley Dunbar.

I 1970 skipa Flint McGuinness Flint med Tom McGuinness, tidlegare gitarist og bassist i Manfred Mann. Dei nådde andreplassen på UK Singles chart med «When I'm Dead And Gone», som vart følgd opp i 1971 av ein ny hitsingel, «Malt and Barley Blues», som nådde femptelassen. Dei gav òg ut eit album i 1970. Bandet vart oppløyst i 1975. Flint spelt med Bonzo Dog Band frå 1971 til det siste albumet deira, Let's Make Up And Be Friendly.

I 1977 var Flint trommeslagar og bodhránspelar på albumet Suburban Ethnia av bandet Chanter.

Flint spelte så i The Blues Band, ei supergruppe med mellom andre Dave Kelly, Gary Fletcher, McGuinness og andre Manfred Mann-medlemmar og songaren Paul Jones. Debutalbumet deira, The Official Bootleg Album, kom ut i 1980.

Flint har òg spelt på plate med Georgie Fame, Jack Dupree og Tom Newman.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hughie Flint» frå , den 12. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:John Mayall & the Bluesbreakers-medlemmar Kategori:Musikarar frå Manchester Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Britiske bluesmusikarar Kategori:Savoy Brown-medlemmar Kategori:Chicken Shack-medlemmar