Jeff Beck Group er det fjerde studioalbumet til The Jeff Beck Group og det andre med ei besetning som bestod av Jeff Beck, Bobby Tench, Clive Chaman, Max Middleton og Cozy Powell.Also used several TMI studio musicians.[ Jeff Beck Group] album credits at AllMusic Albumet vart produsert av Steve Cropper og vert stundom kalla Orange Album, på grunn av appelsinen (orange på engelsk) som er på toppen av plateomslaget.
Historie I januar 1972 flaug Jeff Beck Group til USA og gjekk i TMI StudiosTMI studios=Trans-Maximus Incorporated studios eigd av Steve Cropper i Memphis i Tennessee. Somme av songane dei spelte inn der hadde alt vortne framførte på konsertane deira. I motsetnad til på Rough and Ready spelte dei òg inn fem coverlåtar for dette albumet, inkludert ein ny versjon av Ashford & Simpson sin «I Can't Give Back the Love I Feel For You» og Carl Perkins sin «Glad All Over» (1957). Cropper og Beck samarbeidde på «Sugar Cane» og var ein av fleire songar som var skrivne medan dei var i studio. På ein fest etter innspelinga vart Beck gratulert av Don Nix for versjonen hans av «Going Down», som Nix hadde skrive og opphavleg gjeve ut med bandet Moloch i 1969.Second Hand Songs: Going Down. Freddie King hadde spelt inn songen i 1971.
Albumet kom ut i USA 1. mai 1972, og i Storbritannia 9. juni same året og turnear både i Storbritannia og USA følgde. Det var ingen singlar frå albumet.
Sjølv om mange kritikarane sette pris på dugleiken til Beck på gitar, var det mange som var kritiske til albumet, mest fordi songane ikkje var gode nok.
Innhald
Medverkande Jeff Beck: gitar Bobby Tench: vokal Clive Chaman: bass Max Middleton: klaverinstrument Cozy Powell: trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jeff Beck Group (album)» frå , den 5. juli 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Jeff Beck-album Kategori:Epic Records-album Kategori:Album produserte av Steve Cropper