Wired er eit soloalbum av den britiske gitaristen Jeff Beck, gjeve ut på Epic Records i 1976. Det er eit instrumentalt album og nådde 16. plassen på Billboard 200. Albumet har selt til platinaalbum i USA.

Bakgrunn og innhald Etter suksessen med det førre albumet, Blow by Blow i 1975, tok Beck med to av dei viktigaste bidragsytarane frå det albumet for oppfølgjaren, klaverspelaren Max Middleton og produsenten George Martin. Beck hadde òg byrja eit musikalsk samarbeid med den tidlegare klaverspelaren i Mahavishnu Orchestra, Jan Hammer og trommeslagaren Narada Michael Walden. Beck turnerte med Jan Hammer Group etter desse innspelingane. Resultatet av samspelet mellom Beck og Hammer vart ein meir «syntetisk» lyd enn den som var på Blow by Blow. Dette synte òg albumtittelen til.

Sjølv om bandet frå det førre albumet spelar på somme spor, er fire originale songar av Walden og ein av Hammer. Middleton medverka med ei hyllest til Led Zeppelin, «Led Boots,» og Beck valde å tolke Charles Mingus-oden til saksofonisten Lester Young, «Goodbye Pork Pie Hat». Desse to har lenge blitt spelt på konsertane til Beck.

Den 27. mars 2001 kom ei nymastra CD-utgåve ut på Legacy Records.

Wired fekk stort sett positive meldingar då det kom ut. Albumet nådde 16. plassen på Billboard 200 i august 1976, og låg i alt 25 veker inne på lista. I Storbritannia låg det fem veker på lista og nådde 35. plassen.

Innhald

Medverkande Jeff Beck – gitar Max Middleton – clavinet og Fender Rhodes Jan Hammer – synthesizer; trommer på «Blue Wind» Wilbur Bascomb – bass Narada Michael Walden – trommer på «Led Boots,» «Come Dancing,» «Sophie» og «Play With Me» piano på «Love Is Green» Richard Bailey – trommer på «Goodbye Pork Pie Hat» og «Head for Backstage Pass» Ed Greene – trommesett nummer to på på «Come Dancing»

Andre medverkande George Martin – plateprodusent Chris Bond – assisterande producer Jan Hammer – produsent på «Blue Wind» Pete Henderson, Dennis McKay, John Mills, John Arias – lydteknikar Geoff Emerick – miksing Bruce Dickinson – produsent for nyutgjeving

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wired (album)» frå , den 6. juli 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jeff Beck-album Kategori:Jazzfusion-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Epic Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin