mini|Strukturen til eit proteasom. Kjernepartikkelen i blått og to regulerande partiklar i raudt. Proteasom er sterkte konserverte proteolytiske kompleks av fleire undereiningar. Dei finst i cytosol og i sellekjernen til eukaryote seller, og er her det viktigaste proteolytiske maskineriet. Dei fleste protein som skal brytast ned av proteasom er kovalent merkte med det vesle proteinet ubikvitin. Proteasom i noko enklare form er òg kjende frå arkar og nokre bakteriar (mellom anna frå Actinomycetales og Nitrospirales).

Alle eukaryote proteasom har ein kjernepartikkel med ein sedimentasjonskonstant på 20S, der dei proteolytiske seta sit. Elles ymsar proteasoma i talet på tilknytte regulerande partiklar og andre protein. Bakteriar og arkar har ofte kjernepartiklar som er sette saman på eit anna vis enn det eukaryote kjernepartiklar er. I eukaryote seller ser 26S-utgåva av proteasomet ut til å vera den vanlegaste forma av proteasom. 26S-utgåva er sett saman av éin kjernepartikkel og to 19S regulerande partiklar.

Regulerande partiklar har ulike roller, dei kan aktivera kjernepartikkelen og kjenna att og handsama ubikvitinerte protein. Det finst fleire typar regulerande partiklar, og den ein kjenner best er 19S-partikkelen. 19S-partikkelen verkar vera unik for eukaryotar og er sterkt konservert hjå dei.

Ikkje alle protein brotne ned av proteasom vert ubikvitinerte, og ornitindekarboksylase er det dømet på dette som ein skjøner best.

Kjelder

Kategori:Protein Kategori:Proteinkompleks