mini|Heffernan går i mål til VM-gull i Moskva i 2013 Robert Heffernan () er ein ein irsk friidrettsutøvar frå Cork som vart verdsmeister på 50 km kappgang ved verdsmeisterskapen 2013 i Moskva, etter tidlegare å ha vunne EM-bronse på 20 km i 2010 og OL-bronse på 50 km i 2012.
Heffernan deltok i dei store internasjonale meisterskapane på 20 km frå OL 2000, men det var fyrst i 2010 han makta gå inn til medalje. Under EM 2010 i Barcelona fekk han bronsemedaljen på 20 km, men fyrst etter at vinnaren av tevlinga, Stanislav Jemeljanov frå Russland, var diskvalifisert. Ei veke etter gjekk Heffernan inn til fjerdeplass på 50 km. Ved Sommar-OL 2012 i London kom han i mål som fjerdemann på irsk rekordtid 3.37.54, men etter at vinnaren Sergej Kirdjapkin i 2016 fekk annullert si gullmedalje, rykte Heffernan opp på bronseplassen.
Høgdepunktet for Heffernan kom under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva. Her kryssa han mållinja som fyrstemann etter 3.37.56 tids gange og kunne stige øvst på sigerspallen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 28 på 20 km – 1.26.04 VM 2001 i Edmonton: Nr 14 på 20 km – 1.25.02 EM 2002 i München: Nr 8 på 20 km – 1.21.10 OL 2004 i Aten: Diskvalifisert på 20 km VM 2005 i Helsinki: Diskvalifisert på 20 km VM 2007 i Osaka: Nr 5 på 20 km – 1.23.42 OL 2008 i Beijing: Nr 8 på 20 km – 1.20.36 VM 2009 i Berlin: Nr 15 på 20 km – 1.22.09 EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje på 20 km – 1.21.00. Nr 4 på 50 km – 3.45.30 OL 2012 i London: Bronsemedalje på 50 km – 3.37.54. Nr 9 på 20 km – 1.20.18 VM 2013 i Moskva: Gullmedalje på 50 km – 3.37.56, framom Mikhail Ryzjov (3.38.58) VM 2015 i Beijing: Nr 5 på 50 km – 3.44,17 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 på 50 km – 3.43.55
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robert Heffernan» frå , den 7. august 2018.
World Athletics
Kategori:Irske friidrettsutøvarar Kategori:Kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Irland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Irland Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015