Metroid Prime 2: Echoes er eit action-eventyrspel i førsteperson, utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo til Nintendo GameCube hausten 2004. Det er ein direkte oppfølgjar til Metroid Prime frå 2002.
Spelet handlar om dusørjegeren Samus Aran som er send for å redde ein tropp av soldatar som er forsvunne på Aether, heimplaneten til ein rase kjend som Luminoth. Ho oppdagar at troppen er blitt drepen av Ing, ein rase som stammar frå ein alternativ dimensjon av Aether. Samus må dermed reise til tre tempel for å nedkjempe trugselen frå Ing-rasen, medan ho samstundes kjempar mot rompiratar og ein mystisk dobbeltgjengar kjend som Dark Samus.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Dataspel frå 2004 Kategori:Metroid Kategori:Nintendo GameCube-spel Kategori:Wii-spel