Annarita Sidoti () var ein italiensk friidrettsutøvar frå Gioiosa Marea på Sicilia som i 1990 og 1998 vart europameister og 1997 verdsmeister i 10 km kappgang.
Aktiv Sidoti vann gullmedaljen i kappgang under europameisterskapen 1990 i Split. Fire år seinare kneip ho sølvmedaljen i den neste europameisterskapen, ho fekk same tid som bronsevinnar Jelena Nikolajeva, begge kom i mål seks sekundar bakom den finske gullmedaljøren, Sari Essayah. I 1997 nådde Sidoti toppen i si tid som aktiv då ho vann kappganggullet ved VM i Aten, heile 36 sekundar framom nummer to i tevlinga. Året etter vart ho i Budapest europameister for andre gong, der landskvinna Erica Alfridi syrgde for italiensk dobbeltsiger.
Frå 1999 tevla kvinnelege kappgjengarar på 20 kilometer i staden for 10 km i dei store internasjonale meisterskapane. Sidoti deltok internasjonalt til 2002, utan å kunne blande seg i medaljekampen i korkje VM, OL eller EM.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Gullmedalje på 10 km – 44.00, framom Olga Kardopoltseva (44.06) VM 1991 i Tokyo: Nr 9 på 10 km – 44.18 OL 1992 i Barcelona: Nr 7 på 10 km – 45.23 VM 1993 i Stuttgart: Nr 9 på 10 km – 44.13 EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje på 10 km – 42.43, bakom Sari Essayah (42.37) VM 1995 i Göteborg: Nr 13 på 10 km – 44.06 OL 1996 i Atlanta: Nr 11 på 10 km – 43.57 VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 10 km – 42.55, framom Olga Kardopoltseva (43.30) EM 1998 i Budapest: Gullmedalje på 10 km – 42.49, framom Erica Alfridi (42.54) VM 1999 i Sevilla: Braut 20 km OL 2000 i Sydney: Braut 20 km VM 2001 i Edmonton: Nr 8 på 20 km – 1.31.40 EM 2002 i München: Nr 8 på 20 km – 1.31.19
Sidoti døydde i 2015 i heimbyen, nærare 46 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Annarita Sidoti» frå , den 11. august 2018.
World Athletics
Kategori:Italienske kappgjengarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000