Brunsisik (Acanthis flammea cabaret) er ein underart av gråsisik med utbreiing i delar av Europa. Dette er underarten med den brunaste og mest streka fjørdrakta. Mange brunsisikar trekker sørover om vinteren, men dei blir observerte gjennom heile året i mykje av utbreiingsområdet sitt. Dei kan halde seg saman med andre underartar av gråsisik om vinteren.

Taksonomisk status: Tilhøva innanfor taksonet av Acanthis-sisikane har vore usikre. Brunsisik vart introdusert som eit artstakson i eBird/Clements Checklist frå desember 2009. Ein analyse av mtDNA frå museumsprøvar i 2008, har ikkje funne stønad for oppdeling av artar eller underartar basert på genetiske skilnadar i slekta Acanthis. I 2018 hadde HBW Alive allereie gjennomført samanslåing av alle artar til ein einaste art i slekta. Samanslåinga vart stødd av ein studie i 2021.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lesser redpoll» frå , den 12. august 2018. Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Finkefamilien