Paraskevi Papachristou () er ein gresk friidrettsutøvar frå Aten som i 2018 vart europameister i tresteghopp, to år etter ho tok bronsemedaljen i same øvinga under friidretts-EM i Amsterdam. Papchristou sette sin personlege rekord i tresteg på 14,73 meter under eit stemne i Filothéi i juni 2016.
Ho deltok under Sommar-OL 2016 og 2020, men kom ikkje på medaljeplass.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paraskevi Papachristou» frå , den 15. august 2018.
World Athletics
Kategori:Greske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Hellas Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020