Leon Russell () var ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar som var involvert i mange bestseljande popplater gjennom den 60 år lange karrieren sin.

Russell samarbeidde med fleire suksessrike artistar, både i studio og som turnémusikar. Han spelte inn 33 album og minst 430 songar.«Top 7 Songs of Leon Russell to Remember the Talented Singer». Earn the Necklace.com. Han skreiv «Delta Lady», spelt inn av Joe Cocker, og organiserte og spelte på Mad Dogs and Englishmen-turneen til Cocker i 1970. Songen hans «A Song for You» vart lagt til Grammy Hall of Fame i 2018, og har blitt spelt inn av meir enn 200 artistar, og hans «This Masquerade» av meir enn 75.

Som pianist spelte han i tidlege år på album av The Beach Boys og Jan and Dean. På det første albumet sitt Leon Russell i 1970, fekk han med seg musikarar som Eric Clapton, Ringo Starr og George Harrison. Ein av dei tidlege tilhengjarane hans, Elton John, sa Russell var ein «mentor» og ein «inspirasjon». Dei spelte inn albumet The Union i 2010,«Elton John and Leon Russell's The Union Was Marked by This Bittersweet Sense of Loss». Something Else Reviews, 20. oktober 2015. som dei vart nominert til ein grammypris for.

Russell produserte og spelte på innspelingar fo mellom andre Bob Dylan, Frank Sinatra, Ike & Tina Turner og The Rolling Stones. Han skreiv og spelte inn hittane «Tight Rope» og «Lady Blue». Han spelte på The Concert for Bangladesh i 1971 i lag med Harrison, Dylan og Clapton.

Han fekk seks gullplate for innspelingane sine, og to grammyprisar ette sju nominasjonar. I 2011 vart han innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.

Diskografi

Studio- og konsertalbum List of albums recorded by Leon Russell , Softshoe.comDiscography of Leon Russell, Discogs.com

År Album PlasseringSalstrofé U.S. U.S. Country Canada Canada Country New Zealand 1968 Look Inside the Asylum Choir (med Marc Benno) 201 — — — — 1970 Leon Russell 60 — — — — 1971 Leon Russell and the Shelter People 17 — 14 — — U.S.: Gull Asylum Choir II (med Marc Benno) 70 — — — — 1972 Carney 2 — 4 — — U.S.: Gold 1973 Looking Back — — - — — Leon Live 9 — 9 — — U.S.: Gold Hank Wilson's Back Vol. I 28 15 85 — — 1974 Stop All That Jazz 34 — 43 — — 1975 Live in Japan — — — — — Will O' the Wisp 30 — 72 — — U.S.: Gold 1976 Wedding Album (med Mary Russell) 34 — — — — 1977 Make Love to the Music (med Mary Russell) 142 — — — — 1978 Americana 115 — — — — 1979 One for the Road (med Willie Nelson) 25 3 28 1 11 U.S.: GullCanada: Gull Life and Love 204 — — — — 1981 The Live Album (med The New Grass Revival) 187 — — — — 1984 Hank Wilson, Vol. II — — — — — Solid State — — — — — 1986 The Catalyst — — — — — 1992 Anything Can Happen — — — — — 1995 Hymns of Christmas\ — — — — — 1998 Legend in My Time: Hank Wilson Vol. III — — — — — 1999 Face in the Crowd — — — — — Blues: Same Old Song — — — — —2000 Live at Gilley's — — — — — Crazy Love — — — — — 2001 Signature Songs — — — — — Rhythm & Bluegrass: Hank Wilson, Vol. 4 (med The New Grass Revival) — — — — — 2002 Moonlight & Love Songs (med The Nashville Symphony) — — — — — 2003 In Your Dreams — — — — — Bad Country — — — — — Almost Piano — — — — — 2005 Live but Digitally Reworked — — — — — 2006 A Mighty Flood — — — — — Angel in Disguise — — — — — 2010 The Union (med Elton John) 3 — 7 — 24Canada: GullU.K.: Sølv 2013 The Montreux Session — — — — — 2014 Life Journey 164 — — — — 2015 Prince of Peace: Radio Broadcast 1970 — — — — — Riding the Northeast Trail: The New Jersey Broadcast 1979 (med Willie Nelson) — — — — — 2016 The Homewood Sessions — — — — — Live and Pickling Fast (med The New Grass Revival) — — — — — 2017 On a Distant Shore — — — — — «—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leon Russell» frå , den 17. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockeartistar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Musikarar frå Tulsa Kategori:Folk frå Lawton Kategori:Delaney & Bonnie & Friends-medlemmar Kategori:The Wrecking Crew-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:USA-amerikanske rockepianistar Kategori:USA-amerikanske pianistar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Elton John Kategori:Songwriters Hall of Fame Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:USA-amerikanske mandolinistar Kategori:USA-amerikanske organistar Kategori:USA-amerikanske multi-instrumentalistar