Vikedal kyrkje er ei langkyrkje frå 1881 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke. Kyrkja er oppført etter ei typeteikning av Jacob Wilhelm Nordan og har 400 sitjeplassar.
Det har vore kyrkje i Vikedal sidan mellomalderen.Kulturminnesøk om den gamle kyrkjestaden Dei tidlegare kyrkjene stod lengre sørvest. Mellomalderkyrkja (truleg ei stavkyrkje) vart avløyst av ei tømmerkyrkje i 1670. Denne vart riven eit par år etter at dagens kyrkje vart teken i bruk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Vikedal kyrkje på Kyrkjesøk
Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland (Riksantikvaren, 2016), s. 138–139
Fotnotar
mini|left|Dei tidlegare kyrkjene stod lengre sørvest.
Kategori:Kyrkjer i Vindafjord Kategori:Kulturminne i Vindafjord Kategori:Kyrkjer i Haugaland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:1881 i Noreg