Kevin Mark Sheedy () er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Builth Wells i Wales som hadde stor suksess med Everton FC i 1980-åra.

Karriere Klubbspel Midtbanespelaren Sheedy fekk sin ligadebut med 4. divisjonslaget Hereford United våren 1976. Vel to år seinare vart han overført til Liverpool FC, der han ikkje lukkast å spele seg inn på laget. Vinteren 1982 flytta han over til byrivalen Everton FC, mot 100 000 pund. I mai 1984 vann han sitt fyrste trofe med klubben då det vart siger 2-0 over Watford FC i FA-cupfinalen, ein kamp Sheedy mista grunna skade. Sesongen etter var Everton heile suverene i kampen om ligameisterskapen, slo toaren Liverpool FC med heile 13 poeng. Everton tok seg også til finalen i cupvinnarcupen, der Sheedy den 15. mai i Rotterdam fastsette sluttresultatet til 3-1 mot Rapid Wien. Sesongen 1986/87 tok Everton FC ein ny ligatittel framom byrival Liverpool FC, då med 9 poengs skilnad. Etter ytterlegare fem sesongar i Everton melde Sheedy i 1992 overgang til Newcastle United, ein klubb han hjelpte til opprykk i 1993. Han var så profesjonell på nivå 3 for Blackpool i 1993/94 før han gav seg med aktiv fotball.

Landslagsspel I tida oktober 1983 til februar 1993 deltok Sheedy i 46 landskampar for Irland. Under europameisterskapen 1988 i Vest-Tyskland fekk han speletid i alle dei tre kampane til det irske laget. To år seinare var han med i alle Irlands fem kampar ved VM i fotball 1990, ein meisterskap der han vart historisk då han i landets aller fyrste VM-kamp utlikna til 1-1 mot England. Irland rauk elles ut i kvartfinalen mot arrangørlandet Italia etter tap 0-1. Sheedy skåra ni landslagsmål.

Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1985 med Everton FC Engelsk ligameister: 1985 og 1987 med Everton FC Vinnar av FA-cupen: 1984 med Everton FC Finalist i FA-cupen: 1985, 1986 og 1989 med Everton FC Finalist i den engelske ligacupen: 1984 med Everton FC

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kevin Sheedy (Irish footballer)» frå , den 27. september 2018.

eu-football

Kategori:Irske fotballspelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Blackpool-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990