John Greig () er ein tidlegare fotballspelar og-trenar frå Edinburgh som var kaptein for Rangers FC sitt mannskap som vann cupvinnarcupen 1972.
Klubbspel Greig fekk kontrakt med Rangers FC i 1961 og spelte på laget til han la opp i 1978. Etter nokre sesongar som angreps- og midtbanespelar var han frå slutten av 1960-åra ein hardt-taklande forsvarsspelar. Han vart skotsk cup- og ligameister både i 1964 og i 1965. I 1966 vann Greig og Rangers den skotske cupfinalen for tredje gong i rad. Den påfylgjande sesongen tok skottane seg til finalen i cupvinnarcupen, ein kamp der Bayern München vann pokalen etter ei einsleg skåring i 2. ekstraomgang. Den 24. mai 1972 spelte Rangers finale i cupvinnarcupen på ny, ein kamp Greig og lagkameratane vann med 3-2 mot Dynamo Moskva. Sidan vart Greig skotsk cupmeister 1973, ligameister 1975 og dobbeltmeister både i 1976 og 1978.
Landslagsspel Greig spelte 44 landskampar i tida 1964-75, den siste hausten 1975 kom fire og eit halvt år etter den nest siste. Han var lagkaptein i 15 kampar, dei fleste i åra 1965-68. Greig skåra tre mål for det skotske landslaget, alle tre i året 1965. Han vart matchvinnar i to VM-kvalifiseringskampar, fyrst i bortekamp mot Finland i mai og så eit halvt år seinare framfor over 100 000 tilskodarar på Hampden Park i Glasgow mot Italia, då han var åleine målskårar.
Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1972 med Rangers FC Skotsk ligameister: 1963, 1964, 1975, 1976, 1978 med Rangers FC Skotsk cupmeister: 1963, 1964, 1966, 1973, 1976, 1978 med Rangers FC
Kjelder Denne artikkelen bygger på «John Greig» frå , den 28. september 2018.
eu-football
Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Skotske fotballtrenarar Kategori:Rangers-spelarar