mini|Ein leiketøymodell av Il Tempo Gigante, hovudpersonen Reodor Racerbilen til felgen i den norske dokkefilmen Flåklypa Grand Prix frå 1975. Il Tempo Gigante er ein oppdikta racerbil frå filmen Flåklypa Grand Prix av Ivo Caprino frå 1975. Bilen vart opphavleg teikna av forfattaren og illustratøren Kjell Aukrust, og han vart sidan bygd av Bjarne Sandemose. I animasjonsfilmen er det hovudpersonen Reodor Felgen, sykkelreparatør og oppfinnar, som byggjer og køyrer bilen i billaupet Flåklypa Grand Prix.

I filmen har bilen masse ekstrautstyr og ulike heimesnikra finessar. Den har til dømes to speedometer, der det eine sluttar på 250 km/t, og det andre tek over og held fram til 400 km/t. Ein viktig del, og ei av dei store oppfinningane til Reodor Felgen, er superretometerfordelaren. Denne skal auka «karadialeffekten» med over 110 %.

I filmen vert bilen sabotert av hovudrivalane til Felgen – Rudolf Blodstrupmoen og den synske medhjelparen hans Mysil Bergsprekken. Likevel greier piggsvinet Ludvig å oppdaga feilen – ein sundsaga elektrisk fordelar – og halda bilen saman til laupet er ferdig.

Modellbilen På grunnlag av teikningane til Aukrust bygde Bjarne Sandemose, den faste medarbeidaren til Ivo Caprino, modellbilen som skulle brukast då dei skulle gjera om Aukrust-universet til animasjonsfilm. Bilen vart synt fram på NRK i programmet Lørdagskveld med Erik Bye den 1. mai 1971. Aukrust og Caprino fortalde då programleiaren Erik Bye om både bilen og dokkene som var laga til det som i 1971 enno var tenkt som ein fjernsynsserie.

Fullskalamodellen mini|Il Tempo Gigante i full storleik

I samband med dokkefilmen vart det i 1976 bygd ein køyrande Il Tempo Gigante i full storleik. Denne har sidan vorte nytta som reklame og attraksjon på tilstellingar rundt om i Noreg.

Den «ekte» Il Tempo Gigante vart bygd like etter ferdigstillinga av filmen. Ermanno Martinuzzi, ein italiensk karosserimakar, bygde overstellet i filmstudioet til Caprino på Snarøya. Dei tekniske bitane vart gjorde av Jan Michelsen, Odd Høie og Svein Martin, som alle kom frå ein bilverkstad i Oslo. Ivo Caprino, Bjarne Sandemose og Charles Patey hjelpte til med mindre detaljar. Bilen byrja som flate plater og stod ferdig etter tolv månader. Detaljane er gjorde slik at han skal likna mest mogleg på modellen frå filmen. Ein Cadillac-ambulanse vart kjøpt inn frå Sverige, og frå den bruka dei understellet med forstilling, V-8-motoren på om lag åtte liter og automatkassa. Bakakselen kom frå ein Dodge «kvarting». Seinare, i 1982, vart det sett inn ein Chevrolet big block 454 V-8-motor på om lag 7,6 liter. Motoren har 540 hestekrafter, og i fylgje Remo Caprino fekk dei han av den austerrikske Formelen 1-køyraren Niki Lauda etter at dei møttest på bilutstillinga i Geneve. Bilen er registrert på nummeret «BL 50000» i Noreg og er vegtrygd, men han er ikkje normalt EU-godkjend på grunn av for høgt støynivå (målt til 130 decibel). Dermed vert bilen sjeldan køyrt, og då på bane eller lukka område. Den første testturen gjekk føre seg på Oslo lufthamn, Fornebu, om natta i 1976. Nokon toppfart vart ikkje målt, då dei ikkje hadde utstyr til det. Dekka på bilen eignar seg heller ikkje for høg fart.

Bilen veg 2,8 tonn, er 6,7 meter lang og 2,4 meter brei.BL50000 hos vegvesen.no

Jan Erik Larssen frå Autofil prøvekøyrde bilen i 2002 og læt vel om han.

Søksmål I 2014 gjekk Caprino Filmsenter til søksmål mot Hunderfossen familiepark om rettane til Il Tempo Gigante. Aukruststiftelsen (stiftinga til Kari og Kjell Aukrusts), som hadde gjeve Hunderfossen Familiepark løyve til å laga ein attraksjon med ein lengd versjon av Il Tempo Gigante, gjekk inn i saka på sida til Hunderfossen.

Saken galdt i kva grad Caprino kunne krevja opphavsrett til åndsverk som filmen byggjer på, det vil seia rettane til bilen som var teikna av kunstnaren Kjell Aukrust.

Caprino Filmsenter tapte saka i tingretten i 2015, men anka til lagmannsretten. Ein kloven lagmannsrett dømde i 2016 motsett av tingretten og heldt med Caprino Filmsenter. Hunderfossen og Aukruststiftelsen anka saka, og ho vart teken opp til prøving i Høgsterett. I november 2017 fall den endelege domen. Høgsterett kasta domen til lagmannsretten og dømde at Caprino Filmsenter ikkje hadde opphavsrett til Il Tempo Gigante. Caprino Filmsenter heldt fram søksmålet sitt om brot på marknadsføringslova som Høgsterett ikkje hadde teke stilling til, men tapte også denne delen av saka med endeleg verknad i ny dom frå Lagmannsretten i 2018.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Il Tempo Gigante» frå , den 30. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Fakta om bilen Bilete frå bygginga Intervju med mekanikar Bobbo Strand Autofil-episode med Il Tempo Gigante

Kategori:Kjell Aukrust Kategori:Oppdikta bilar