Nederlaget er eit skodespel av den norske forfattaren Nordahl Grieg, utgjeve i 1937.

Handlinga er lagt til Pariskommunen i 1871, og stykka følgjer langt på veg dei historiske hendingane rundt dette revolusjonære opprøret. Hovudrolla er den pasifistiske lærerinna Gabrielle Longevin, men har òg historiske skikkelsar som Gustave Courbet og president Thiers i rollene.

Den grunnleggjande problemstillinga til stykket er i kva grad det vonde kan kjempast mot med vondt. I stykkjet tapar dei gode kreftane, då opprørarane mot slutta av stykket vert avretta.

I samtida vart stykket oppfatta i lys av Franco-diktaturet og den spanske borgarkrigen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nederlaget» frå , den 1. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff Digital utgåve (PDF) hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Norske skodespel Kategori:Kultur i 1937 Kategori:1937 i Noreg Kategori:Nordahl Grieg