mini| Kong Haakon VIIs minnemedalje 1. oktober 1957 er ein medalje som vart innstiftet til minne om den avlidne kong Haakon VII i høve gravferda hans.Heder og ære. Nasjonale og internasjonale dekorasjoner brukt i Norge , bilag til Forsvarets Forum, nr. 5, 2012, Oslo: Forsvarets Forum / Forsvarets Veterantjeneste, 2012, s. 22. Graverda til kongen fann stad 1. oktober 1957.
Utføring Medaljen er i gull og sølv og har eit portrett av kong Haakon på advers. Kongen er avbilda utan krone etter eit portrett av myntgravøren Ivar Throndsen.«H. M. Kong Haakon VII's erindringsmedalje med spenne 1. oktober 1957», Nordisk Numismatisk Unions Medlemsblad, nr. 10, 1960, s. 199. Portrettet er omgjeve av omskrifta «HAAKON • VII • NORGES • KONGE •». Revers viser monogrammet til kongen. Medaljongen har ei kongekrone på toppen. Ho er hengt opp i eit raudt band, som har ei sølvspenne med innskrifta «1. OKTOBER 1957».Harald Hallberg: Norske dekorasjoner. Tildelt med bånd til å bæres på uniform eller sivilt antrekk, Ålgård: Dreyer bok, 2012, s. 237–239.
Tildeling Minnemedaljen vart tildelt personar som hadde oppgåver i samband med gravferda til kongen. I gull vart det utdelt 26 medaljar, for det meste til militære. Det vart utdelt 54 sølvmedaljar, 48 av dei til offiserar frå Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret, som leidde æresavdelingene ved gravferda.
Rangering Medaljen rangerer som nummer 30 i rekkja av offisielle norske utmerkingar.«Norske dekorasjoner», Kongehuset. Lest 8. november 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kong Haakon VIIs minnemedalje» frå , den 10. oktober 2018. Kategori:Norsk monarki Kategori:Oppkallingar etter Haakon VII av Noreg Kategori:Skipingar i 1957 Kategori:Norske utmerkingar