Harry Söderman () var ein svensk politimann og politisjef. Kallnamnet hans var «Revolver-Harry». Han var sjef for Statens Kriminaltekniska Anstalt (SKA) i Sverige frå 1939 til 1953. Han tok del i oppbygginga av norske politistyrkar i Sverige under den andre verdskrigen. Mot slutten av krigen, i mai 1945, tok han seg inn i Noreg. Den 7. mai kom han seg inn i Grini fangeleir, ved å fortelja at han hadde fullmakt til å gje fangane fri. Sjølv om dette var dagen før Nazi-Tyskland kapitulerte, lukkast han i å fortelja fangane at Tyskland hadde kapitulert. Han forsøkte òg å kome inn på Slottet, men vart avvist, då han ikkje kunne legitimere seg. Litteratur Anders Johansson: Den Glömda Armén - Norge-Sverige 1939-1945

Bakgrunnsstoff Harry Söderman på http://www.polisen.se Revolver-Harry och Kalle Blomqvist En kriminalteknikers äventyrliga liv på http://www.polisen.se

Kategori:Svenske politifolk Kategori:Folk frå andre verdskrigen