Accompong (frå akan-personnamnet Acheampong) er ein historisk maroon-landsby i åsane i Saint Elizabeth Parish på Jamaica.

Landsbyen ligg i Cockpit Country, der terrenget gjorde at maroonane og dei innfødde tainofolka kunne danna eit festningsverk på 1600-talet. Dei forsvarte det for å oppretthalda sjølvstende frå dei spanske og seinare dei engelske kolonistyresmaktene på Jamaica.

Busetnaden fekk namnet Accompong etter ein tidleg maroonleiar. Denne Accompong skal ha vore bror av Quao, Cuffy, Cudjoe og Nanny, andre leiarar og busetnadgrunnleggjarar."Accompong", Jamaica National Heritage Trust.

Maroonane fekk sjølvstende og eigedomsrettar anerkjende av kolonistyresmaktene gjennom traktatar i 1739, og den 6. januar kvart år blir det halde ein seremoni i Accompong til minne om underskrivinga av traktaten som danna grunnlaget for busetjinga.

Historie mini|venstre|Kindah-treet i Accompong I 1739 skal maroonleiaren CudjoeWright, M. L. "The Accompong Town Maroons: Past and Present", 1992 Festival of American Folklife catalogue, Center for Folklife and Cultural Heritage of the Smithsonian Institution, 1992. ha samla folket han leia under Kindah-treet i noverande Accompong. Det var her traktaten med britane blei underskriven. Det gamle mangotreet står framleis (2009), og er stadenf or årlege minneseremoniar.

Traktaten som gjorde at ein trygt kunne busetja Accompong blei underskriven av den britiske guvernøren Edward Trelawny, og gav til Cudjoe sine maroonar mellom festningane deira Cudjoe's Town (Trelawny Town) og Accompong i The Cockpits. Traktaten nemnde likevel berre Trelawny Town og ikkje Accompong Town. I 1756, etter ein eigedomskonflikt mellom maroonane i Accompong og plantasjeeigarane rundt, gav den jamaicanske forsamlinga Accompong Town råderett over 1000 acre til.Michael Siva, After the Treaties: A Social, Economic and Demographic History of Maroon Society in Jamaica, 1739-1842, PhD Dissertation (Southampton: Southampton University, 2018), pp. 82-3.

I åra etter traktaten var Cudjoe og Accompong leiarar for sine busetnadar. Etter at Cudjoe døydde prøvde Accompong å ta over styret av Cudjoe-busetnaden, etter å ha blitt utnemnd til leiar i 1739-traktaten. Guvernøt Roger Hope Elletson bestemte derimot at Accompong berre skulle ha oppsyn med sin eigen busetnad, og utnemnde ein annan maroon til å leia Cudjoe eller Trelawny Town.Siva, After the Treaties, pp. 62-3. Etter at dei to opphavlege leiarane var døde fekk dei britisk-utnemnde kvite oppsynsmennene i kvar busetnad stadig meir makt. Accompong ser ut til å ha døydd i 1770-åra, for i 1773 blei det rapportert at oppsynsmannen i landsbyen hadde utnemnd kapteinane Crankey og Muncko til offiserar som svarte til han i Accompong Town.Siva, After the Treaties, pp. 64-5..

Då den andre maroonkrigen braut ut i 1795 og maroonane i Trelawny Town reiste seg mot britane, gjekk maroonane frå Accompong inn i konflikten på britane si side.Mavis Campbell, The Maroons of Jamaica 1655-1796: a History of Resistance, Collaboration & Betrayal (Massachusetts: Bergin & Garvey, 1988), pp. 209-249. Accompong Town leid tap i denne krigen. Då kaptein Chambers blei send til Trelawny Town for å forhandla fram overgjevinga deira, slaut kaptein James Palmer frå Trelawny Town han og skar av hovudet hans. Milits-leiaren William Fitch, som nylege hadde kome til Jamaica, ignorerte råd frå erfarne maroonar og leia styrkane sine inn i eit bakhald frå Trelawny Town-folka som førte til at Fitch, mange kvite milits-medlemmer og fleire krigarar frå Accompong døydde.Siva, After the Treaties, p. 137.

Accompong Town ende likevel opp på den vinnande sida. Maroonane frå Trelawny Town blei deporterte til Nova Scotia, og kolonistyresmakta gav Accompong-maroonane eineløyve til å jakta på rømde slavar. Dei klarte ikkje å hanskast med rømlingssamfunnet Cuffee, så styresmaktene gav snart løyvet attende til ei anna gruppe, Windward-maroonane.Siva, After the Treaties, pp. 182-190.

Etter at gruppa til Cuffee forsvann oppstod det ei anna rømlinggruppe som busette seg i Cockpit Country i 1812. Gruppa, Me-no-sen-You-no-Come, stod også imot forsøk frå Accompong-maroonane og kolonimakta sin milits på å enda henne på 1820-talet.Siva, After the Treaties, pp. 191-193.

Styre

Avtalen frå 1739 gav maroonane visse rettar og noko sjølvstyre. Det blei sett opp eit landsbystyre som bygde på tradisjonell akan- og ashantikultur, med særskilde menn anerkjende som leiarar som deler ansvaret for samfunnet. Leiaren for dette rådet har no tittelen Colonel-in-Chief. I 2009 blei Ferron Williams vald som Colonel-in-Chief of Accompong.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Accompong» frå , den 16. oktober 2018.

Bibliografi Michael Siva, After the Treaties: A Social, Economic and Demographic History of Maroon Society in Jamaica, 1739-1842, PhD Dissertation (Southampton: Southampton University, 2018)

Kategori:Saint Elizabeth Parish Kategori:Maroonar på Jamaica